Fysioterapeut
Medisinsk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
1. april 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20.%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Hjarterehabilitering er eit individuelt poliklinisk tilbod for å skape motivasjon til hjartevenleg livsstil, gje sekundærprofylakse, samt auke kunnskap og tryggleik til dei som har hatt hjarteinfarkt, blokka/stenta kransåre (PCI-behandla) eller gjennomgått by-pass operasjon. (Vi tilbyr også trening til hjartesviktpasientar).
For mer info om pasienttilbodet: https://www.helse-mr.no/behandlinger/hjarterehabiliteringa-ved-alesund-sjukehus/
I lenka er det en introduksjonsfilm, og orientering om dei tre ulike forløpa vi tilbyr. Digital heimeoppfølging er ein del av tilbodet. Vil du bli kjent med innovative kolleger, og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø, så vær rask med å søke. Kort søknadsfrist.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
Ein fysioterapeut ved hjarterehabiliteringa vil mellom anna:
- Ha både tverrfaglege og individuelle samtalar med deltakarane
- Gi individuell treningsrettleiingog lede gruppetrening
- Undervise hjartepasientar
- Gjennomføre fysiske testar i samarbeid med sjukepleiar
- Ha oppsøkande verksemd med omsyn til inneliggjande pasientar for informasjon om sjukdommen og tilbodet ved hjarterehabiliteringa
- Organisere inntak av deltakarar i samarbeid med sjukepleiar
- Arbeide med digital oppfølging av aktuelle kandidatar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent fysioterapeut
- Erfaring frå arbeid med hjartepasientar i sjukehus kan vere ein fordel
- Kunnskap om hjartesjukdom og fysisk aktivitet
- Fordel med erfaring i å gjennomføre fysiske testar
- Interesse for bruk av medisinsk teknisk utstyr og digitale flater
- Gode undervisningsevner
- God munnleg og skriftleg norskkunnskap
Personlege eigenskapar
- Positiv, fleksibel, strukturert og initiativrik
- Evne å bidra til eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- Fagleg engasjert
- God motivator
- Teamorientert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide i ein hektisk kvardag
- Ynskje om å utvikle deg innan hjartefaget
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ann-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleiar, +47 70105742, Ann-Helen.Tryggestad.Arthur@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4910066544
Stillingsprosent: 20, 30%
Vikariat
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 30.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2895252
- Hentet fra
talentech
- Referanse
36fb887f66ae40da80197370019c0343