Barnehagelærar/fagarbeidar/assistent
Luster kommune Indre Hafslo oppvekstsenter
Lambhaug 144, 6873 Marifjøra, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. januar
Me søkjer ein barnehagelærar, fagarbeidar og/eller assistent til den veksande barnehagen vår på Indre Hafslo. Som ein del av vårt engasjerte team vil du spela ei sentral rolle i omsorg, leik og utvikling for dei 37 borna våre. Oppvekstsenteret vårt er i positiv utvikling, og me er i sluttløpet av ferdigstilling av nytt barnehagebygg som me planlegg å flytte inn i på nyåret. Dette skaper spennande moglegheiter for både tilsette, barn og føresette på Indre Hafslo. Barnehagen vår er heimen til to avdelingar, "Perle" for dei minste og "Bruse" for dei eldste.
Oppvekstsenteret ligg idyllisk til i hjartet av bygda, godt skjerma frå fylkesvegen med natur og skog som nærmaste nabo. Me er aktive brukarar av uteområdet vårt, inkludert nærliggjande skogområde som både skulen og barnehagen disponerer. Dette gir barna våre unike moglegheiter for utforskande leik og aktivitetar. Me verdset samarbeidet med skulen og som eit aktivt oppvekstsenter har me gode føresetnader for å skapa eit trygt og stimulerande miljø for barn og elevar.
Høyrest dette spennande ut? Synest du det er gjevande å arbeide med barn i deira viktigaste utviklingsfase? Er du ein person som deler entusiasmen vår for å skapa eit trygt og inspirerande miljø for barna våre? Då er det nettopp deg me ynskjer som søkjar hjå oss!
Stillingsinformasjon- Me lyser ut inntil 200 % midlertidig stilling som barnehagelærar, fagarbeidar eller assistent
- Oppstart: 2.januar 2025, eller etter avtale. Tilsetjing vert gjort fortløpande
- Stillingane varer inntil 31.07.2025
Som tilsett ved Indre Hafslo barnehage vil du ha varierte og spennande oppgåver knytt til planlegge og organisering av kvardagen og aktivitetar for barnehagen, avdeling og aktivitetsgruppe, oppfølging av barn i dialog med føresette, omsorg, leik og læring for barna i barnehagen.
Hovudoppgåvene dine vil inkludera, men er ikkje avgrensa til:
- Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
- Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
- Fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen
- Bidra til eit trygt og stimulerande læringsmiljø for barna
- Delta aktivt i samarbeid med kollegaer, foreldre og føresette
- Utføre daglege rutineoppgåver og gi omsorg til barna i samsvar med gjeldande retningslinjer
- Godkjend barnehagelærarutdanning, fagarbeidarutdanning, barne- og ungdomsarbeidarutdanning eller anna relevant utdanning
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner for å kunna samhandla effektivt med barn, kollegaer og foreldre
- Evne til å samarbeida godt i team og arbeida sjølvstendig når nødvendig
- Det er ein nasjonal satsing for å få fleire menn i barnehagane, difor vert menn vert oppmoda om å søkja
- Me verdset medarbeidarar med gode kommunikasjon- og samarbeidsevner som evna til å arbeida sjølvstendig og som del av eit team
- Tidlegare erfaring frå barnehage og oppvekst
- Gode digitale evner
- Personlege eigenskapar
- Eit triveleg arbeidsmiljø i ein engasjert barnehage
- Høvet til å bidra til barns utvikling og trivsel
- Faglig utvikling og opplæring
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Det blir stilt krav om politiattest
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2808377
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3434687_220859_nn