Er du vår nye Trainee innan økonomi, rekneskap eller lønn?
Fjord1 AS
Strandavegen 15, 6905 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Trainee økonomi, regnskap eller lønn Fjord1
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
Fjord1 er ein leiande aktør innan grøn maritim transport og vi bidreg til meir bærekraft i utvikling av framtidas ferjedrift. Vi driftar ein av verdas mest moderne og miljøvenlege ferjeflåtar, og ser etter deg som er nyutdanna økonom og ynskjer å vere med på denne utviklinga. Først Trainee i eit år, kanskje vert det noko meir?
Kva kan du vente deg?
Ynskjer du å utvikle din økonomiske kompetanse i kontinuerlig jakt på smartare måtar å jobbe på? Hos Fjord1 har vi fokus på å nytte det beste som er av teknologi og system for å utvikle vår drift til enno bedre styring og økonomi. Du skal ikkje kunne alt, men som trainee komme med fersk kunnskap, engasjement og nye perspektiv, slik at vi saman kan utvikle oss og skape gode resultat.
Som trainee i Fjord1 vil du oppleve eit år med interessante oppgåver, der du får utfordre deg sjølv med støtte frå fagleg dyktige kollegaer. Vi er ein organisasjon som samhandlar og arbeider på tvers av fagområde med totaliteten av selskapet i fokus. Vi vil gje deg tett oppfølging og ein eigen mentor, slik at du får ein trygg og god start på arbeidslivet.
Vi ser etter deg som:
- har ei sterk interesse for økonomi, rekneskap eller lønnsfaget, gjerne med ei bachelor- eller mastergrad
- er strukturert, lærevillig og ikkje kvir deg for å komme med dine idear til bedre måtar å løyse oppgåver på
- klarer å sjå det store bildet og sammenhengar mellom oppgåver og resultat
- har interesse for business intelligence (BI), grensesnitt og systemflyt
- evner å analysere talmateriale og har ein forståelse for økonomiske samanhenger
For å bli trainee gjennom Framtidsfylket har du:
- minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- norskkunnskap minimum nivå B1
Kvifor Trainee hos Fjord1?
Veit du kva perle Florø er? Her finn du eit rikt næringsliv med tradisjonsrik industrihistorie, kombinert med det siste innan nyvinning og teknologi! På fritida finn du eit variert tilbod med godt utbygde treningsmuligheter i studio, på fjell og til havs. Byen har eit rikt kulturliv, frivillege organisasjonar, mellom anna ei handfull badstover på nydelege lokasjonar. Og ikkje minst, eit aktivt og spanande U40 team, perfekt for relasjonsbygging for deg som er ny eller tilbakeflyttar til byen!
Startar du arbeidslivet som trainee via Framtidsfylket Vestland får du ein smidig overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Du vil delta på traineesamlingar i løpet av året, har får du fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk i tillegg til å få oppleve mykje av det beste vi har i vårt vakre Vestland.
Finn meir info om traineeprogrammet her: Trainee – Bli kjent med traineeprogrammet | Framtidsfylket
Vil du vere med på laget vårt? Send inn søknaden din i dag – vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon
Ane Eliassen, Økonomileiar, 959 47 647Nina Eren Hovland Liseth, HR rådgjevar, +47 95152023
Arbeidsstad
Strandavegen 156905 FLORØ
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5077116956
Stillingsprosent: 100%
Trainee
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 01.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Nina Eren Hovland Liseth
HR rådgjevar
+47 95152023
Ane Eliassen
Økonomileiar
959 47 647
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f02ef9e5-01fe-4d8f-b117-78516399ddf2
- Sist endret
11. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e85eec5060a149ad9cfd2546af2f6d8d
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Florø
Arbeidsgiver
Boreal Sjø AS
Sted
Uskedalen, Agder, Rogaland, Vestland
Statsautorisert revisor
Arbeidsgiver
Revisorgruppen Fjordane AS
Sted
Vestland, Oslo, Bergen, Akershus, Asker