Vegforvaltning
Øygarden kommune Veg
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Bilforvaltar 100% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. januar
Vil du ta del i arbeidet med å forvalte og optimalisera den kommunale bilparken? Vi søkjer 1 ny bilforvaltar for Øygarden kommune. Vi leiter etter deg som kan forvalte tenesteområde, bidra til utvikling og nytenking.
Om eininga:
Den kommunale bilparken består i dag av kring 175 køyretøy med hovudvekt av el-bilar. Bilforvaltar ligg som eit ansvarsområde under eininga vegforvaltning.
Vegforvaltning inngår saman med 4 andre einingar (Eigedomsutvikling, Utbygging, Byggforvaltning og Reinhald), som rapporterer til eigedomssjef. Vegforvaltning består i dag av leiar, 3 forvaltarar, 4 på drift og eit budsjett på omlag 30 MNOK.
Arbeidsoppgåver:
- Frakte bilar til og frå verkstad og dekkhotell
- Fikse småskadar
- Vurdera skadeomfang om bilar bør på verkstad eller ikkje
- Reforhandla avtalar relatert til bilpark som forsikring, drivstoff, dekkhotell, innkjøp, etc.
- Forvalte køyrebok, bildeling og flåtesystem i felt og i dashbord løysing.
- Resette ladestasjonar i felt og i dashbord løysing
- Fakturering
- Ha hyppig kommunikasjon med alle einingar som har kommunale bilar
- Utarbeide rutinar og brukaravtalar
Kvalifikasjoner:
Må ha:
- Fagbrev innan relevant fagområde.
- Må ha førerkort, minst klasse B på båe manuell og automat gir.
- God IKT kompetanse
- God teknisk forståelse om korleis båe fossile og el- køyretøy fungera
- Gode muntlege og skriftlege ferdigheta i norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar:
- Initiativtakar
- Serviceinnstilt og god samarbeidsevne
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og med stor arbeidskapasitet
- God kommunikasjons- og framstillingsevne
- Ryddig, nøyaktig og detaljfokusert
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt :
Einingsleiar Lennart Falkenberg-Arell tlf. 47493816 e-post : Lennart.Falkenberg-Arell@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f01ed361-c9bd-4c34-9d27-d18c27ece287
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3581573_246193_nn
Lignende annonser
Vegingeniør 100% fast stilling
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Veg
Sted
Straume
Rådgjevar 100% fast stilling , Byggesak og landbruk
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Byggesak og landbruk
Sted
Straume
Bilklargjører
Arbeidsgiver
VEST MOTOR AS
Sted
Isdalstø