Arealforvaltning
Øygarden kommune Byggesak og landbruk
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar 100% fast stilling , Byggesak og landbruk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. januar
Om avdelinga:
Byggesak og landbruk er ein del av eininga Arealforvaltning. Avdelinga har ansvar for byggesak, matrikkel, landbruk, forureining m.m. Vi arbeidar tett saman med dei andre avdelingane på eininga er Klage og tilsyn og Oppmåling for å løyse oppgåvene våre.
Arealforvaltning er ein del av kommunalområdet Samfunnsutvikling som har eit overordna ansvar for heilskapleg og berekraftig utvikling av kommunen. Gjennom samarbeid på tvers av fagmiljø arbeidar vi for god arealbruk, føreseielege prosessar og god tenesteyting til innbyggjarar og næringsliv.
Kven er du?
Du har relevant høgare utdanning og erfaring med arbeidsoppgåvene innanfor eininga sitt ansvarsområde. Stillinga har eit breitt og variert spekter av arbeidsoppgåver og vi ser etter deg som trivst med å arbeide på tvers av fagområde og som raskt set deg inn i nye problemstillingar. Du arbeider strukturert og sjølvstendig, leverer arbeid av høg kvalitet og har samstundes god vurderingsevne for kva som er tilstrekkeleg i den enkelte saka.
Du tek initiativ og driv saker framover, er serviceinnstilt og har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne. Det er viktig at du trivs med utstrekt samarbeid, bidreg som ein god lagspelar for kollegaer og er løysingsorientert og fleksibel i møte med varierte oppgåver og endra behov i eininga.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.
Arbeidsoppgåver:
- Innsynskrav
- Produktportal / meklarpakke
- Matrikkelføring bygg
- Viltforvaltning
- Kontering av faktura
- Oppfølging av forureining / forsøpling
- Handsaming av bruksløyve etter pbl.
- Planlegging av arrangement
Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov innanfor eininga Arealforvaltning sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Relevant høgare utdanning som høgskule eller universitetsutdanning, t.d. ingeniør, geograf, biolog, geolog, eller anna relevant utdanning.
- Dokumentert arbeidserfaring med arbeidsoppgåvene
- Gyldig matrikkelføringskurs
- Har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- Har evne til å raskt sette deg inn i nye problemstillingar
- Personleg eigenskapar som sjølvstende, initiativ og gode samarbeidsevner
- Kan levere arbeid av høg kvalitet, men samtidig kan levere arbeid som er "godt nok"
- Tar iniativ og kan drive saker fremover
- Er serviceinnstilt og kan ha ein god dialog med innbyggarar
- Trivs med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer
- Er løysingsorientert og fleksibel
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
045dc51b-18a2-41b9-89cf-043890efc00f
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3581909_192821_nn
Lignende annonser
Rådgjevar 100% fast stilling , Byggesak og landbruk
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Byggesak og landbruk
Sted
Straume
Jurist/Rådgjevar, 100% fast
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Eigedom
Sted
Straume
Spesialrådgjevar 100% fast
Arbeidsgiver
Øygarden kommune HR, forvaltning og kvalitet
Sted
Straume