Driftsleiar Nordfjord
Firda Billag Buss AS
Hegrevegen 8, 6783 Stryn, Uldegrova 6, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsleiar Nordfjord
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
Om stillinga
Firda Billag Buss AS har ansvar for bussrutene i Nordfjord, og vi søkjer no ein driftsleiar som vil spele ei sentral rolle i å sikre god og effektiv drift. Dette er ei leiarstilling med stor påverknadskraft, der du får ansvar for både dagleg trafikkavvikling og strategisk utvikling av rutepakka Nordfjord.
Ansvarsområde
Som driftsleiar har du det overordna ansvaret for at rutedrifta går som planlagt – frå tilrettelegging og oppfølging av sjåførar og materiell til god dialog med oppdragsgjevar Skyss. Du blir ein nøkkelperson for kvalitet og leveranse.
Stillingen inkluderer personalansvar for avdelinga, som består av tre tilsette i administrasjonen og om lag 50 sjåførar. Du vil leie, motivere og utvikle medarbeidarane dine, og bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø.
I tillegg vil du ha ei sentral rolle i å vidareutvikle marknaden for kommersielle bussturar i Nordfjord.
Arbeidsoppgaver
- Leie og tilrettelegge for effektiv drift av bussmateriell og ruteplanlegging
- Følgje opp måltal for kontraktsområdet Nordfjord
- Personal- og HMS-ansvar for avdelinga
- Sikre kvalitet og kontinuerleg forbetring i drifta
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har relevant utdanning og leiarerfaring. Erfaring frå transport og logistikk er ein fordel, men ikkje avgjerande – det viktigaste er at du har evne til å leie og skape struktur i ein hektisk kvardag.
Vi søkjer deg som
- Likar å jobbe med folk og byggje gode relasjonar
- Har fokus på utvikling og kontinuerleg forbetring
- Kommuniserer tydeleg og skapar tillit
- Er sjølvdriven, ansvarsbevisst og har god arbeidskapasitet
- Leiar med fokus på kvalitet og våre verdiar
- Er serviceinnstilt og lyttar til både kundar og medarbeidarar
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn og bakgrunn. Som IA-bedrift legg vi til rette for gode arbeidsforhold.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Ein trygg arbeidsplass med engasjerte kollegaer
- Varierte oppgåver i eit miljø der folk brenn for jobben sin
- Moglegheit for kurs og kompetanseheving
- Tilgang til bedriftshelseteneste
Spørsmål om stillinga
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Har du spørsmål? Ta kontakt med dagleg leiar Lars Andreas Kårstad, tlf. +47 95 98 81 94.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Firda Billag Buss er eit dotterselskap av Firda Billag AS og Connect Bus Norge AS. Selskapet køyrer på offentlege kontraktar og har i dag transportansvar for lokale ruter i Sunnfjord og Nordfjord. Her har vi ambisjonar om vekst rigger oss for å vinne fleire anbod. I tillegg køyrer ekspressrutene NW 431 og VY 170 og har ei eiga turbussavdeling. Selskapet har totalt 215 tilsette og 205 bussar. Hovudkontoret vårt ligg i Førde, og her sit trafikk- og planavdelinga for Sunnfjord, samt teknisk leiar og dagleg leiar.
Avdeling Nordfjord består av to trafikkleiarar, ein driftskoordinator og om lag 50 sjåførar. Nordfjord-kontrakta er ansvarleg for rutesatt busstransport i kommunane Stryn, Kinn (Måløy) og Stad.
Avdeling Førde består av ei turbussavdeling, to trafikkleiarar og ei planavdeling. Vi har 117 dyktige sjåførar som køyrer lokalruter i områda Askvoll, Fjaler, Kinn (Florø), Sunnfjord, Hyllestad, Gulen, Solund og Sogndal (Balestrand). I tillegg har avdelinga ca 50 tilkalling- og drosjesjåførar.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f0115dc5-1acc-4844-9565-957cc8d7bc2d
- Sist endret
5. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10275903
Lignende annonser
Arbeidsgiver
GulenSkyss
Sted
Loddefjord
Operations Manager
Arbeidsgiver
Outdoor Norway As
Sted
Voss
Arbeidsgiver
Boreal Travel AS
Sted
Nyborg