Direktør for digitalisering i Helse Vest RHF
Helse Vest RHF
Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Direktør for digitalisering i Helse Vest RHF
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 2. september
Om oppgåva du skal løyse
Helse Vest skal vere i front for digitalisering i spesialisthelsetenesta. Direktør for digitalisering vil ha ei avgjerande rolle i denne utviklinga.Helse Vest skal vere i front for digitalisering i spesialisthelsetenesta. Direktør for digitalisering vil ha ei avgjerande rolle i denne utviklinga.
Digitale løysingar er ein føresetnad for trygge og effektive tenester i spesialisthelsetenesta. Strategi for digitalisering i Helse Vest peikar på dei viktigaste innsatsområda for digitaliseringsarbeidet i åra framover. Brukarvennlegheit, auka brukartilfredsheit, god informasjonsflyt, og å hente ut effektar ved forbetring og utvikling av digitale løysingar, blir viktig.
Digitalisering skal først og fremst bidra til at medarbeidarane får ein betre arbeidskvardag, og leggje til rette for kvalitet i tenesta.
Les meir om digitalisering i Helse Vest RHF.Rolle og ansvar
Som direktør for digitalisering i Helse Vest RHF vil du få ansvar for å realisere strategien for digitalisering. Du vil bidra aktivt med sikker forbetring og utvikling i eit høgt tempo, for heile føretaksgruppa i Helse Vest.
Det er eit omfattande samarbeid om digitalisering internt i regionen, og nasjonalt saman med dei andre regionale helseføretaka. Direktør for digitalisering representerer Helse Vest RHF i møter og prosesser med regionale og nasjonale aktørar. Det vil bli lagt vekt på at du kan byggje gode relasjonar på tvers av verksemdene og nivå i heile føretaksgruppa i Helse Vest og nasjonalt.
Den sikkerheitspolitiske situasjonen har forsterka merksemda på IKT-tryggleik. IKT-tryggleik vil vere ein viktig oppgåve framover. Difor må du bestå ein grundig bakgrunnsjekk og sikkerheitsklarering før tilsetjing i stillinga.
Du vil rapportere til administrerande direktør, og vere ein del av leiargruppa i Helse Vest RHF. Arbeidsstad er ved kontoret vårt i Stavanger.
For meir informasjon om stillinga, ta gjerne uforpliktande og konfidensiell kontakt med Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne, mobil 913 56 788.
Kvalifikasjonar (overskrift)
For å lykkast og trivast i rolla, bør du ha følgande personlege eigenskapar
• strategisk forståing og evne til å skaffe oversikt og sjå heilskapen
• god system- og rolleforståing
• samarbeide godt med ulike fagprofesjonar
• gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
• være strukturert og systematisk
Vi ser etter deg som har
• solid leiarerfaring, gjerne frå komplekse organisasjonar• erfaring frå store digitaliseringsprosjekt, teknologileiing eller digitale strategiar
• evne til å navigere i skjeringspunktet mellom strategi, teknologi og god drift
• høgare relevant utdanning, gjerne innan teknologi
• god forståing av informasjonstryggleik, og bruk av digitale løysingar i komplekse organisasjonar
Vi tilbyr
• eit godt arbeidsmiljø i eit tverrfagleg miljø
• moglegheita til å arbeide med engasjerte fagfolk i spesialisthelsetenesta
• konkurransedyktige vilkår og fleksibel arbeidskvardag
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Inger Cathrine Bryne, Administrerande direktør, 913 56 788Arbeidsstad
Knud Holms gate 84005 STAVANGER
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest RHFReferansenr.: 5007779421
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Inger Cathrine Bryne
Administrerande direktør
913 56 788
Om bedriften
Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.
Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f00ed754-a4cf-406c-b7ba-efeaa72c7c45
- Hentet fra
talentech
- Referanse
27597f1235514bd3b1f76c50e0e3d26c