Barne- og ungdomsarbeidar
Aukra kommune Bergetippen Barnehage
Vollskaret 4, 6409 Molde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne -og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Bergetippen barnehage har ledig inntil 2 faste stillingar som barn og ungdomsarbeidar.
Kommunestyret i Aukra har vedtatt å auke grunnbemanninga med 2, 5 stillingar for Bergetippen barnehage, for å sikre norma for grunnbemanning i større del av opningstida.
Bergetippen barnehage ligg i Julsundet på fastlandet i Aukra. Det tek omlag 20 minutt frå Molde sentrum til barnehagen. Barnehagen har 5 avdelingar.
Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar. Barnehagen har kokk i 100 % stilling og er matpakkefri. Kokken lagar god og næringsrik mat til alle måltid.
Våre medarbeidarar har god kjennskap til Trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for barn og tilsette.
I barnehagen let vi oss også inspirere av Reggio Emilia- filosofien sitt syn på barn og læring. Den pedagogiske tanken er å la barna sine idear, interesser, tankar og nysgjerrigheit vise veg for læring.
Arbeidsoppgåver for barn og ungdomsarbeidarArbeide i samsvar med lov om barnehager og rammeplan for barnehager.
Ta medansvarleg for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det daglege pedagogiske innhaldet i høve enkeltbarn og gruppa.
Har medansvar for arbeidet med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø, omsorg for det enkelte barnet, for utviklinga av det sosiale miljøet og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
Vere ein god medarbeidar som bidrar til å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Krav til søkarFagbrev i Barne- og ungdomsarbeiderfaget. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
SpråkMå kunne norsk godt munnleg og skrifteleg. Søkjarar som ikkje har norsk som førstespråk, sjå Lov om barnehagar § 27. Krav om norskferdigheter for å bli ansatt i barnehage
Vi tilbyr- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Kommunale vilkår for tilsetting
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høve til å søke støtte frå utdanningsfond
Aukra kommune ligg innanfor sone 5 i ny ordning for sletting av studielån.
OppstartEtter nærare avtale og seinast 15. august
Særskilte kravDet er krav om politiattest før tiltreding.
PrøvetidGjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
SøkarlisteOm du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
SøknadAukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling" på kommunen sine heimesider.
Søknadsfrist: 28.2.2025
KontaktpersonVed spørsmål ta kontakt med styrar Synnøve Rishaug, tlf. 90571168, synnove.rishaug@aukra.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2840201
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3455083_193055_nn