Ledig stilling for Kokk ved Gossen barne- og ungdomsskole
Aukra kommune Gossen barne- og ungdomsskole
Skolevegen, 6480 Aukra
Om jobben
- Stillingstittel
- Kokk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. november
Har du lyst å arbeide i eit triveleg arbeidsmiljø der du kvar dag vert møtt med mange gode
smil frå små og store, så kom og bli vår kokk!
Maten som vert servert skal vere i tråd med Helsedirektoratet sine retningsliner for mat og måltid for barn og unge. Maten skal i størst mogleg grad lagast frå grunnen.
Elevane skal ha tilbod om næringsrik mat som eit viktig bidrag for å utvikle sunne matvanar og god læring.
Arbeidsoppgåver:• Utarbeide kost og menyplan
• Innkjøp, varebestilling og varemottak
• Baking og matlaging
• IK-mat
• I samarbeid med tilsette på skolen, arbeide for å redusere matsvinn
Vi ønsker deg som;
- enten er ferdig utdanna med fagbrev som kokk, eller i gang med å avslutte fagbrevet
- er strukturert og fleksibel
- har gode evner til kommunikasjon og samarbeid med personalet og samtidig kunne arbeide sjølvstendig
- tilpasser meny til ulike allergener og religion
- kan bruke digitale verktøy
- beherskar nynorsk som målform
Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker oss.
Språk
Må kunne å kommunisere godt på norsk med barn, kollegaer og andre aktuelle samarbeidsaktørar.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale vilkår for tilsetting og løn etter tariff.
Politiattest
Det vert stilt krav om politiattest før tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadshandsaming. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Søk på stilling»
Søknadsfrist : 16.11.2026
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eff354eb-bf9b-489c-8881-fd1dfcfb7bb6
- Sist endret
29. oktober 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3672957_193057_nn