Hopp til innhold

Rådgivende ingeniør fysikk (RIBfy)

Arbeidsgiver

Nordplan As Avd Nordfjord

Sted

Eit av våre avdelingskontor, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Vi søkjer ein engasjert og fagleg dyktig rådgivande ingeniør innan bygningsfysikk som ønskjer å arbeide med varierte prosjekt og vere ein aktiv del av tverrfaglege prosjekteringsmiljø.

Hos oss får du arbeide tett saman med arkitektar, ingeniørar og andre rådgivarar innan ei rekkje fagområde.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Rådgivende ingeniør Bygningsfysikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest mandag 12. oktober

Send søknad til

ikr@nordplan.no

Hva vi ser etter

  • har relevant høgare utdanning innan bygg, energi, bygningsfysikk eller tilsvarande

  • har erfaring med bygningsfysisk prosjektering, eller eit sterkt ønske om å utvikle deg innan fagområdet

  • har kjennskap til TEK17 og relevante standardar og rettleiingar

  • har god forståing for byggjekonstruksjonar og samanhengen mellom materialbruk, fukt, energi og inneklima

  • arbeider strukturert og sjølvstendig

  • trivst med samarbeid på tvers av fag

  • kommuniserer godt både skriftleg og munnleg på norsk

Erfaring med energi- og bygningsfysiske berekningsverktøy, BIM og tverrfagleg prosjektering vil vere ein fordel.

Vi er opne både for deg som har fleire års erfaring og for deg som er tidlegare i karrieren og ønskjer å byggje opp solid kompetanse innan bygningsfysikk.

Arbeidsoppgaver

Som RIBfy hos Nordplan vil du mellom anna arbeide med:

  • bygningsfysisk prosjektering og rådgiving

  • vurdering og prosjektering av klimaskjerm, konstruksjonsoppbygging og detaljløysingar

  • energiberekningar og dokumentasjon etter TEK17

  • vurdering av kuldebruer, lufttettleik og varmeisolering

  • dagslys- og inneklimavurderingar

  • rehabilitering og vurdering av eksisterande bygg

  • utarbeiding av notat, rapportar, beskrivingar og prosjekteringsgrunnlag

  • tverrfagleg koordinering i prosjekt

  • oppfølging i byggjefase, synfaringar og kontroll ved behov

  • dialog med kundar, entreprenørar og andre samarbeidspartnarar

Arbeidsoppgåvene vil kunne tilpassast kompetansen og erfaringa di.

Vi tilbyr

Hos Nordplan får du:

  • spennande og varierte prosjekt

  • stor påverknad på eigen arbeidskvardag og fagleg utvikling

  • eit tverrfagleg miljø med korte avstandar mellom fag og menneske

  • høve til å følgje prosjekt frå tidlegfase til ferdig bygg

  • gode moglegheiter for fagleg utvikling og auka ansvar

  • fleksibilitet i arbeidskvardagen

  • konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår

  • eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø

Nordplan har eit breitt tverrfagleg fagmiljø og arbeider med planlegging, arkitektur og rådgivande ingeniørtenester. Vi ønskjer å skape gode løysingar gjennom tett samarbeid mellom fagområda våre og med kundane våre.

Kontaktperson for stillingen

Trond Rindal

Seksjonsleder

94012889

tr@nordplan.no

Om bedriften

I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side -- for vi meiner dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeidet og engasjementet som oppstår når flinke folk får spele kvarandre gode.

Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å skape varige løysningar, som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

efcb1098-3671-45c7-9589-507cd90f65cd

Sist endret

21. september 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

efcb1098-3671-45c7-9589-507cd90f65cd

Lignende annonser

Laster lignende annonser