Hopp til innhold

Rådgivande ingeniør brann Nordfjordeid og Vågå

Arbeidsgiver

Nordplan As Avd Nordfjord

Sted

Eit av våre avdelingskontor, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

I Nordplan verdset vi samarbeid og innovasjon. Du blir del av eit tverrfagleg miljø med planleggjarar, landskapsarkitektar, arkitektar og ingeniørar. Vi tilbyr eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø, med fleksibel arbeidstid som gir god balanse mellom prosjekt og privatliv.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Rådgivende ingeniør Brann
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest mandag 12. oktober

Send søknad til

ikr@nordplan.no

Hva vi ser etter

  • Minimum 5 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule

  • Erfaring i bruk av Revit

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og gjerne engelsk

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåvene vil primært vere utarbeiding av brannsikkerheitstrategi, altså brannkonsept, for både nybygg og eksisterande bygningar. Dette omfattar også god kjennskap til fråviksdokumentasjon. I tillegg ser vi at brannteknisk tilstandsvurderingar blir meir ein del av arbeidsdagen. God kjennskap til tidlegare byggeforskrifter er ønskeleg. Variasjonen i arbeidsoppgåver er stor, og du får stor påverknad på både prosess og ferdige prosjekt. Nordplan gir store utviklingsmoglegheiter for medarbeidarar som ynskjer og evner.

  • Brannteknisk rådgjeving internt i Nordplan og i eigne prosjekt

  • Utarbeiding av brannkonsept, brannteikningar og rømningsplanar for byggeprosjekt

  • Utarbeiding av brannteknisk tilstandsvurdering av eksisterande bygg

Vi tilbyr

Du får konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, og moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi jobbar med mange spennande prosjekt, og vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar og ønskjer utfordringar. Les gjerne meir om referanseprosjekta våre her.

Kontaktperson for stillingen

Trond Rindal

Seksjonsleder

94012889

tr@nordplan.no

Om bedriften

I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side -- for vi meiner dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeidet og engasjementet som oppstår når flinke folk får spele kvarandre gode.

Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å skape varige løysningar, som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

94a95ce1-6090-4341-ba0c-58ca86390725

Sist endret

21. september 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

94a95ce1-6090-4341-ba0c-58ca86390725

Lignende annonser

Laster lignende annonser