Ergoterapeut
Ergoterapi og velferdsteknologi, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ergoterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. juni
Vi søkjer etter ergoterapeut i 100% vikariat frå 01.08.2025 - 28.02.2026.
Seksjon Ergoterapi og velferdsteknologi er ein del av avdelinga Samhandling og tverrprofesjonelle tenester. Ergoterapeutane tilbyr tenester til alle dei kliniske avdelingane ved Førde sentralsjukehus.
💡Ved eventuell intern tilsetjing kan stillinga blir 50% - opplys gjerne i søknaden om det er aktuelt for deg.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inneber pasientarbeid knytt til fagområda rehabilitering, ortopedi og nevrologi. Ein må også rekne med å ta andre oppgåver ved behov.
- Du blir ein del av eit fagleg fellesskap på 8 ergoterapeutar. Vi samarbeider tett med andre yrkesgrupper.
Kvalifikasjonar
- Høgskule/universitet, diplom og bachelorgrad
- Norsk autorisasjon ergoterapeut
- Det er ønskjeleg med erfaring eller praksis frå sjukehus
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter deg med gode samarbeidsevner, evne til å jobbe sjølvstendig og med fleksibilitet til å ta nye oppgåver på kort frist.
- Personlege eigenskaper blir tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Den som blir tilsett blir ein del av eit aktivt tverrfagleg miljø, med gode kollegaer og spennande arbeidsoppgåver
- Vi kan tilby ein utfordrande og variert jobb, nært samarbeid med andre faggrupper og tilhøve for fagleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overenskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Susanne Nakken Olsen, Seksjonsleiar, (+47) 992 53 450Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4979435673
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 18.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Susanne Nakken Olsen
Seksjonsleiar
(+47) 992 53 450
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
efb9a914-c146-491c-ba07-dc01dc9a1058
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d12eddc743b14cb092ffa008e186fc4c