Avdelingsleiar
Stavanger ungdomssenter - avd. Lindøy, Bufetat
Lindøy 1, 4013 Stavanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bufetat, region vest, har ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar ved Stavanger ungdomssenter, avdeling Lindøy. Arbeidstid er på dagtid (fleksitid), med oppstart etter avtale.
Stavanger ungdomssenter er eit omsorgstiltak for ungdom i alderen 13–18 år, og tek imot ungdom med vedtak etter Lov om barnevernstenester §§ 5-1 og 3-2, og i nokre tilfelle §§ 4-1 og 4-2. Gjennom traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi skaper vi trygge rammer som legg til rette for utvikling og endring. Senteret har to avdelingar: Lindøy og Våland.
Som avdelingsleiar på Lindøy får du ei nøkkelrolle i å leie, støtte og utvikle eit fagleg sterkt og dedikert team. Du vil vere ein del av eit miljø der vi er stolte av det vi gjer – og der vi aldri gløymer kvifor vi gjer det: for ungdommen.Vi ser etter deg som:
- Har solid kompetanse innan barnevern og leiing.
- Har erfaring frå døgndrift og forstår kompleksiteten i målgruppa.
- Er ein trygg og tydeleg leiar som evnar å motivere og engasjere.
- Er både lyttande og handlekraftig – og som ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
Hos oss får du:
- Ei stabil personalgruppe med hjarte for ungdom og blikk for faget.
- Ein arbeidsplass forankra i verdiane respekt, openheit og deltaking.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling, rettleiing og støtte.
- Ein meiningsfull kvardag der du får vere med å forme framtida – både for ungdom og for organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for avdelinga, herunder planlegge og sikre effektiv turnusdrift gjennom året.
- Fag- og personaloppfølging, samt ansvar for internkontroll.
- Leie, motivera og følgje opp dei tilsette.
- Sikre at avdelinga vert drifta innafor dei administrative og økonomiske rammane, og rapportera i tråd med dette.
- Følgje opp faglege føringar og sikra dei i nedfelte rutinar og praksis.
- Leia tiltaket sitt omsorgs- og utviklingsarbeid knytt til Traumebevisst omsorg og Målstyrt miljøterapi.
- Sikra godt arbeidsmiljø saman med dei tilsette.
- Kvalitetssikring av drift og arbeidsprosessar.
- Sikra godt samarbeid internt og eksternt, blant anna med med familie, nettverk, kommune, skule og andre viktige instansar.
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga:- Minimum fullført bachelor som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar (180 studiepoeng). Anna relevant bachelorgrad kan vurderast.
- Erfaring frå å planlegge, evaluere og beslutte inna eiga fag og ansvarsområde.
- Meget god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Gode IKT ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
- Førarkort for bil.
Det er ønskjeleg med:
- Relevant leiarerfaring, gjerne innan offentleg sektor og/ eller institusjonsdrift.
- Minimum 15 stp. innan leiing og administrasjon og/ eller anna relevant vidareutdanning.
- Erfaring med personaloppfølging.
- Erfaring frå kommunalt barnevern.
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidseigenskapar og evne til fleksibilitet og omstilling.
- Du står støtt når naudsynte endringar skal gjennomførast.
- Engasjera og motivera medarbeidarar til kunnskapsbasert arbeid.
- Positiv innstilling og løysingsorientert.
- Analytiske ferdigheiter og evne til refleksjon.
- Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert.
- Du er robust i ein tidvis kompleks, travel og krevjande arbeidskvardag.
- Personleg eignaheit vert tillagt vekt.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. frå kr 670 000 - 750 000 pr. år.
- Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Ein spanande arbeidsstad på idylliske Lindøy, med eit godt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
- Høve til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.
- Godt tverrfagleg miljø.
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda bedre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar, nyttar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Stavanger Ungdomssenter, avdeling Lindøy.
- Politiattest må fremleggast ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge.
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Ole Tormod Wasbø, Einingsleiar, 46618639Arbeidssted
Lindøy 14013 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4974514363
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
efb6b008-a3c6-483a-b502-0b3af3eedace
- Hentet fra
talentech
- Referanse
eb644fef849a49f8bd5f8a94bc870c37