Vikariat som psykolog
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Allmennpoliklinikk 1, Helse Bergen
Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til i nye moderne lokale sentralt på Danmarksplass. Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, deriblant to store allmennpoliklinikkar som har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda.
Vi har følgande stilling ledig ved Allmennpoliklinikk 1, Kronstad DPS:
* Eit vikariat i 100% stilling som psykolog ved Allmennpoliklinikk 1. Vikariatet er ledig frå snarast og til 31.08.2024
Vi søker ein fagleg engasjert medarbeidarar som ønsker å vere med og vidareutvikle dei aktuelle tenestene i Kronstad DPS. Stillinga er ledig frå snarast.
DPSane i psykisk helsevern er i utvikling, og den som blir tilsett må rekne med å vere delaktig i denne utviklinga. Vi er opptatt av å gje pasientar rett hjelp til rett tid, å differensiere mellom ulike typar av behandling, og å gje rett omfang av hjelp til den enkelte pasient, samstundes som ein syter for at alle som treng hjelp, får hjelp. Dette krev prioritering av ressursane klinikken styrer over. Som universitetsklinikk har vi jamleg studentar i praksis, og bidrar til å spesialisere psykologar og legar. Den som blir tilsett kan rekne med å få dekt utgifter til spesialisering i klinisk psykologi/psykoterapispesialisering i tilsettingsperioden.
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåver i poliklinikk vil vere vurdering, utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
- Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgivar i nokre tilfelle
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Klinisk erfaring innanfor ei respektivt allmennpsykiatrisk og/eller akuttpsykiatrisk teneste er ein fordel
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde
- Godt fagleg skjønn, og evne til å arbeide målretta og strukturert
- Sjølvstendig i arbeidet, og fungere godt i team når det trengs. Dette blir vurdert som særs viktig
- Vi jobbar tverrfagleg og den som blir tilsett må trivast med ein slik jobbkvardag
- Vi ønsker oss kollegaer som er engasjerte og fleksible, og som og kan vera tydeleg om det trengst
- Evne til fleksibilitet og sjølvstende
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø
- Moglegheit for forsking og fagutvikling
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Hallgeir Haaland, Seksjonsleiar lege, 90089047, hallgeir.haaland@helse-bergen.noPer Birkhaug, Stedfortreder/psykologspesialist, 55956000, per.birkhaug@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 365054 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4671954224
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.08.2024
Søknadsfrist: 23.06.2023
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2356855
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0a7c6876c1a04b94899f37704643b3de