Vikar - 100% stilling i kulturområdet
Kulturområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9, 6412 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Vikar - 100% stilling i kulturområdet
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. august
Fylkeskommunen har ei langsiktig satsing på barn og unge der aktivitet innan Den kulturelle skolesekken (DKS) og Ung kultur møtes (UKM) står sentralt.
Vi har ledig eit vikariat som rådgivar primært innan desse områda. Vikariatet er knytta til ein foreldrepermisjon og varer i 9 -12 månader (avhengig av oppstart).
Vi søker deg som har engasjement for kunst- og kulturtilbod til barn og unge, og som kan bistå med drifting av DKS og UKM på fylkesnivå. Dette inneber internt samarbeid i vårt DKS-team, og samarbeid med kunstnarar/utøvarar, skolar og kommunar. Det vil vere noko arbeid på kveldstid og helg.
Du har gode evner til samarbeid på digitale flater som teams, chat og delingsdokument, og kommuniserer godt i fysiske nettverksmøter.Det vil også vere administrative oppgåver knytta til spelemiddelforvaltinga for anlegg og kulturbygg i kommunane. Andre oppgåver kan også bli lagt til stillinga som er plassert i kulturavdelinga, seksjon for kultur og folkehelse, og arbeidsstad er Molde.
Arbeidsoppgåver
DKS - drifte turnéar (reisebestilling, kontrakter, kontakt med skolar og kommunar, oppfølging økonomi, organisere bruk av teknisk utstyr)
UKM - fylkesfestival og landsfestival - planlegging og gjennomføring
UFA - (ungdommens fylkesarrangører) - oppfølging gjennom året
Administrativ støtte i spelemiddelordninga
Andre oppgåver i kulturavdelinga
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har utdanning innan ein eller fleire av desse kategoriane:
-økonomi og administrasjon
-barne- og ungdomskultur
-kulturadministrasjon
Vi ønsker at du:
- har god digital kompetanse
- kan bruke MO365-pakken
- har erfaring med å bruke excel
- viser til resultat i å vere "flink med folk"
- har erfaring med å arbeide med ungdom
Personlege eigenskapar
- evne til samarbeid
- gode kommunikasjonsevner
- fleksibel
- løysingsorientert
- evne til å prioritere
- gjennomføringsevne
- systematisk
Vi tilbyr
Eit utfordrande vikariat med varierte arbeidsoppgåver
Eit spennande arbeidsmiljø med kolleger med eit mangfald av utdanning og kompetanse innan kunst og kultur
God tilgang til fagleg nettverk og fagleg utvikling
Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Ragnhild Holsvik, Seksjonsleiar, 41629185Heidi-Iren Wedlog Olsen, Kulturdirektør, +47 48281547
Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4986579457
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 18.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Heidi-Iren Wedlog Olsen
Kulturdirektør
+47 48281547
Ragnhild Holsvik
Seksjonsleiar
41629185
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kulturområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ef77c351-511c-4e45-9121-7246cfb4ea93
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2d29030937e146c2be440eea803b9255