Sokneprest i Ål- Hallingdal prosti
Den norske kirke, Tunsberg bispedømme
Sundrevegen 66, 3570 Ål, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sokneprest i Ål- Hallingdal prosti
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Hallingdal prosti søkjer etter ein ny sokneprest i Ål som ønskjer å gjere kyrkja synleg i lokalmiljøet, styrke det felleskapsbyggjande arbeidet og bidra til felles satsing for barn og ungdom i kyrkja.
Kyrkjelivet på Ål er aktivt og levande, og oppslutninga om gudstenestene er god. Kreativitet og evne til nytenking har prega kyrkjelydsarbeidet over fleire år; dette gjeld liturgiutvikling, kyrkjeleg undervisning og den diakonale satsinga. Det frivillige engasjementet er høgt og det er ei rekkje tilbod i kyrkjelyden. Kyrkjelyden har bidratt til nybrotsarbeid som mellom anna folkemusikkgudsteneste og etableringa av Kafe Tid, som nå i dag er ein eiga stifiting og er eit samskapande entreprenørskap med lokale aktørar og bønder, NAV, psykisk helse, Ål kulturhus, VINN og flyktningstjenesta.
I stillinga som sokneprest på Ål vil du få eit særleg ansvar for Leveld, Torpo og Ål sokn. Dei tre sokna har gått saman om eit felles sokneråd. I tida framover ønskjer soknerådet å arbeide med å styrkje det fellesskapsbyggjande arbeidet og utvikle satsinga for barn og ungdom. Soknepresten vil spele ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle kyrkjelydsarbeidet vidare saman med frivillige, råd og tilsette i kyrkja.
Det er eit godt samarbeid med kommune og dei andre kyrkjefellesskapa i Ål. I 2025 delte Norges Kristne Råd økumenikkprisen til Ål kyrkje, Ål Normisjon, Kilden og Pinsekirken Håp for sitt tverrkyrkjelege samarbeid i kommunen.
Ål kyrkje ligg i sentrum av Ål og like ved er kyrkjekontor og forsamlingssal. I Nordbygdene finn du Leveld kyrkje og Vats fjellkyrkje. På Torpo ligg Torpo kyrkje tett ved stavkyrkja. I tillegg feirar vi gudstenester og vigslar i Naturkatedralen på Sangefjell og i Nystølkyrkja.
Staben i Ål kyrkjelege fellesråd består av kyrkjeverje, sekretærar, organist, kyrkjemusikarar, kyrkjelydspedagog, diakon, kyrkjetenarar, reinhaldar og prost.
Soknepresten vert ein del av Hallingdal prosti. Hallingdal prosti består av sju prestar og ein prost som møtest månadleg. I prostiet blir det samarbeidd på tvers av soknegrenser, og ein arrangerer årleg konfirmantfestival for heile prostiet. Det blir lagt til rette for å utvikle seg som prest saman med kollegaene i lokale fagsamlingar og det blir oppmuntra til etter- og vidareutdanning.
Kulturkommunen Ål
Ål kommune ligg midt mellom Oslo og Bergen med storslått natur med vakre fjell og dalar. I Ål er det eit rikt kultur- og friluftsliv med eit mangfald av idrett- og aktivitetstilbod for alle. «Årets kulturkommune i 2021» er kjent for det store kulturlivet sitt som byggjer på lange tradisjonar og nyskaping. I Ål kulturhus finn du mange ulike tilbod. Her held også kulturskulen og Ål introsenter til. Ålingsfjella inviterer til turar sommar og vinter til fots, på ski og sykkel som blir nytta av fastbuande og tilreisande. Kommunen har svært gode tenestetilbod, fleire samhandlingsarenaer og solide nettverk for sine vel 4600 innbyggjarar.
Sletting av studiegjelder:
Ål kommune er på lista over kommunar som gir sletting av studiegjeld. Frå januar 2026 vil du kunne få slettea 25 000 kr av utdanning...[TRUNCATED]
Arbeidsoppgaver
- Ansvar for gudstenester og kyrkjelege handlingar, pt. fordelt mellom prestane etter tenesteveker
- Ansvar for konfirmantarbeidet
- Delta og samarbeide med kyrkjelydpedagogen om kyrkjeleg undervisning.
- Ansvar for skule-kyrkjesamarbeidet
- Soknepresten har ei koordinerande leiarrolle i det kyrkjefaglege arbeidet.
- Medlem av Ål, Leveld og Torpo sokneråd
- Anna kyrkjelydsutviklande arbeid
- Sjelesorg
- Halde andakter på institusjonar
- Delta i det tverrkyrkjelege leiarforumet
- Delta i gjeldande beredskapsordning i Tunsberg bispedømme
- Delta i Arbeidsrettleiing
Prestane deltek i ulike tiltak, mellom anna LysVaken, bokutdelingar til 4- og 6-åringar. Det er også barnekor og familiemiddag i kyrkjelyden.
Kvalifikasjoner
- Utdanningsretning: Teologi/livssynsfag
- Utdanningstittel: Cand. theol. eller tilsvarande med praktikum
- Målforma i kommunen er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei beherskar begge målformer.
- Tunsberg bispedømme krev at politiattest (barneomsorgsattest) blir lagt fram ved ved tilsetjing.
- Førerkort og tilgang til bil
Personlige egenskaper
- God liturg og formidlar
- Evne til variert formidling i ulike samanhengar
- Gode samarbeidsevner
- Ha evne til å inspirere og motivere
- Kunne vidareføre eksisterande arbeid og sjå nye behov og moglegheiter i samarbeid med sokneråd, friviljuge og tilsette
- Interesse for og erfaring frå arbeid med born og ungdom
- Vere tydeleg tilstades i lokalsamfunnet
- Bidra inn i prostifellesskapet
- Lyst til å gjere eit allsidig og variert prestearbeid
- Evne og vilje til å arbeide i team
Vi tilbyr
- Innplassering i stillingskode 1555 sokneprest etter KAs lønnsregulativ, lønnsplassering etter ansiennitet
- Medlemskap i KLP
- Øvrige godtgjersler, rettar og forpliktingar som til ei kvar tid gjeld for prestetenesta
- Arbeidsrettleiing (Arbeidsveiledning ABV), og det blir forventa at den som blir tilsett, er motivert for å gå i rettleiing
- Gode moglegheiter til fagleg utvikling
- Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- Godt kollegialt felleskap i prostiet
Namnet til søkjaren vil normalt bli offentleggjort. Ynskjer du ikkje at namnet ditt blir offentleg kjent, må det grunngjevast (offentlegheitslova § 25)
Den norske kirke skal være en arbeidsplass med rom og respekt for mangfold, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrer derfor alle kvalifiserte kandidater til å søke.
Kontaktinformasjon
Kristoffer Lønning Tørressen, Prost Ringerike og setteprost Hallingdal, +47 975 41 407Camilla Osnes, Prost i Hallingdal, +47 977 15 677
Sylvi Fimland, HR-seniorrådgiver, +47 412 98 991
Arbeidssted
Sundrevegen 663570 Ål
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Den norske kirkeReferansenr.: 4970755346
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Sylvi Fimland
HR-seniorrådgiver
+47 412 98 991
Camilla Osnes
Prost i Hallingdal
+47 977 15 677
Kristoffer Lønning Tørressen
Prost Ringerike og setteprost Hallingdal
+47 975 41 407
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2943486
- Hentet fra
talentech
- Referanse
567972824e3e4a3587d01652a36aca9c