Lege i spesialisering (LIS) - ortopedi
Ortopediske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering (LIS) - ortopedi
Oppstart
26. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 14. juli
Vi har ledig eit vikariat i perioden 26.08.25 - 04.06.2027!Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
6100 Volda
Referansenr.: 4988754093
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 26.08.2025
Sluttdato: 04.06.2027
Søknadsfrist: 14.07.2025
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- Delta i seksjonen sine aktivitetar innanfor vakt, poliklinikk og operativ verksemd
- Rettleiing vert gjeve etter vanlege retningsliner
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Fullført LIS 1
- Sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Må meistre norsk språk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert
- Du er strukturert
- Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- Du medverkar til god tverrfagleg samhandling
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Gunnar Steve Dagslott, Seksjonsleiar, gunnar.dagslott@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4988754093
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 26.08.2025
Sluttdato: 04.06.2027
Søknadsfrist: 14.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ef25df7d-fe36-46cf-8722-534a60d64c4f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7ce99767f7ef48f39224f6d43c8feb7b