Bioingeniør - fast stilling
LMBB seksjon Lærdal, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Bioingeniør
- Oppstart
- 15. juni 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. mars
Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank ved Lærdal sjukehus søkjer bioingeniør i 100% fast vaktgåande stilling. Oppstart frå 15. 06.2026 eller etter avtale.
Vi søkjer deg som ønskjer fagleg interessante og varierte arbeidsoppgåver innan medisinsk bioikjemi og transfusjonsmedisin. Dette er ei spennande stilling med rullering i fagfelta hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi, PNA og transfusjonsmedisin samt tapping av blodgjevarar. Ein får nytte stor breidde av utdanninga og det er gode utviklingsmoglegheier. Instrumentparken er mellom anna Sysmex XN1000 og 450, Alinity frå Abbott, StarMax og ABL frå Triolab. Me har eit godt fagleg miljø med tett samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde HF.
Stillinga inngår i vaktturnus med aleinevakter kveld/natt og helg. Laboratoriet har døgnvakt med kompensasjon 1:1 og arbeid om lag kvar fjerde helg. Det er mogeleg å tilpasse turnus ved å samle fridagar til samanhengande friperiode. Vi planlegg turnus for eit halvt år om gongen. Det blir gitt grundig opplæring i alle fagfølt før ein startar i turnus.
Velkomen til Lærdal og Indre Sogn!Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for indre Sogn i Vestland Fylke. Lærdal ligg plassert i skjæringspunktet mellom aust og vest og har god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Å flytte til ein plass som Lærdal er ikkje mindre enn eit eventyr, med fjella, elva, fjorden og eit pitoresk landsbymiljø. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Vinterstid finn ein preparerte skiløyper og alpinanlegg på Filefjell. Sjukehuset har personalhytte på Filefjell. Hemsedal ligg ein times køyring unna om ein ønskjer andre utfordringar, og studiestaden Sogndal med velkjent aktivt ski/friluftsmiljø er i grei pendleavstand. Det same gjeld dei andre nabokommunane Årdal, Aurland og Luster som alle har unike naturområder og fritidstilbod. Sommarstid er det flotte forhold for aktivitetar rundt Sognefjorden med båtliv, kano/kajakk, og bading med sauna som ligg i vannkanten.
Lærdal har varierte kulturelle tilbod som kor, korps, kino, aktivt turlag, idrettslag, treningsstudio og kafèar. Sommarstid blir det arrangert fleire festivalar både i Lærdal og i nærområdet. Lærdal har Jordeplerock og "Kom-heim festival", Årdal har Målrock, Sogndal har Fjørarock for å nemne noko.
I Lærdal kan du finne ein kombinasjonen av jobb og landsbyliv, og om du har familie vil nok kvardagane lettare «gå opp» samanlikna med større byar. Vi tilbyr nyoppussa leilegheiter til utleige.
Lærdal kommune ligg i området for årleg nedskriving av studielån à kr 25 000,-.Sjå videoen om det gode livet i Lærdal. Dette er Lærdal - This is Lærdal.
Arbeidsoppgåver
- Laboratoriearbeid etter godkjente prosedyrar
- Rullering innanfor klinisk-kjemi, hematologi, koagulasjon, urinar, pasientnært utstyr, transfusjonsmedisin, blodprøvetaking.
- Turnus, med arbeid kvar fjerde helg
Kvalifikasjonar
- Bachelor i bioingeniørfag. Norsk godkjenning.
- Gode IT-kunnskapar
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
- Fagleg engasjement
- Initiativrik
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Variert arbeid og godt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Husvære
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, (+47) 576 40 020Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5082320393
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 15.06.2026
Søknadsfrist: 23.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Kari Grøttebø
Seksjonsleiar
(+47) 576 40 020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ef1ca994-5b38-4a2e-8676-f5b4fe950a2c
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
de75114b5cda444e97278e1cac5f3880
Lignende annonser
Fagbioingeniør og bioingeniør i grunnstilling
Arbeidsgiver
LMBB seksjon Lærdal, Helse Førde
Sted
Lærdal
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Haugesund, Bergen, Stord, Sogndal, Førde
Fulltid som sjukepleiar kombinert sjukeheim/ heimesjukepleie
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Sted
Lærdal