ID 2048 Sjukepleiar i Oppsøkande tenester - Psykisk helse og rus
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier (psykisk helsearbeid)
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Eining for psykisk helse og rus omfattar ulike tilbod, som Dagsenter, Bufellesskap og Oppsøkande tenester til personar frå 18 år og oppover med rus- og/eller psykiske vanskar.
Me har brukar i fokus, kan tilby eit mangfald i arbeidsoppgåver, arbeid i fagteam, samarbeid med spesialisthelsetenesta og andre tenester, og eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø. Me søkjer etter motiverte og engasjerte medarbeidarar med gode samarbeidsevner.
**Det er ledig 100% stilling som sjukepleiar i Oppsøkande tenester, Ambulant team 1.**Stillinga er i turnus dag/kveld/3 kvar helg. Tilsetting snarast etter avtale.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning innan fagfeltet
- Erfaring innan rus og psykisk helsearbeid
- Arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
- Er positiv, initiativrik og strukturert
- Veit korleis ein skal bidra til ein god organisasjonskultur
- Vil bidra til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set
- Ein må rekne at ein vil kunne få tildelt arbeidsoppgåver generelt i eininga.
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eignaheit.
- Søkjar må ha sertifikat.
- Menn vert oppmoda til å søkje.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Kontaktperson Einingsleiar Diana Bergeland tlf 952 43 278
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2355116
- Sist endret
16. juni 2023
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ef166860-6de5-45b3-9100-3634a80bf639