Tannhelsesekretær
Gaupne tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Øyagata 12A, 6868 Gaupne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tannhelsesekretær
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. september
Gaupne tannklinikk har ledig eit 100% vikariat som tannhelsesekretær med startdato etter avtale. Vikariatet varer til 31.07.26.
Gaupne er ein tettstad med ca. 1200 innbyggjarar, og er administrasjonssenteret i Luster kommune. Staden er omgitt av fjell og fjordar, og ligg i nærleiken av Jostedalsbreen, Sognefjellet, Jotunheimen og Urnes stavkyrkje, som er blandt mange turistmål. Skisenteret på Hafslo trekk mange skientusiastar i vinterhalvåret, og er eit eldorado på pudderdagar. Gaupne har eige badeland og idrettshall, og er ein rik kraftkommune. Frå Gaupne til Sogndal tar det ca. 30 minutt å køyre med bil.
Gaupne tannklinikk ligg under Sogndal klinikkområde, og er ein klinikk for 2 tannlegar, 1 tannpleiar og 2 tannhelsesekretærar, og klinikkleiar i Sogndal. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldrar.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arbeidsoppgåver
Som tannhelsesekretær hos oss vil du mellom anna:- utføre klinisk assistanse ved tannbehandling
- utføre røntgentaking
- ha ansvar for oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
- ha ansvar for reinhald, sterilisering og vedlikehald av utstyr
- halde deg falgeg oppdatert og følgje gjeldande lover, retningsliner og rutiner
- jobbe med ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
- delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling.
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som tannhelsesekretær eller er interessert i fagfeltet.
- Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg.
- Det er ønskjeleg at du har tidlegare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste, og bruk av journalsystemet Opus, men opplæring vil bli gitt.
- Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som- trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først
- kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
- kan arbeide sjølvstendig, strukturert og meistrar travle dagar
- er positiv og serviceinnstilt
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- har interesse for fagleg utvikling – og deler kunnskapen din med andre
Vi tilbyr
- ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- løn etter gjeldande tariff
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010, elisabet.skrede@vlfk.noArbeidsstad
Øyagata 12A6868 Gaupne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5006890297
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 10.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ef02ae42-5ef9-461a-8720-c80d5662014e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f8c172509f4b45c7a741c4313f96570d