Lege i spesialisering - Barne- og ungdomspsykiatri
Døgnseksjon PHBU Ålesund og poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt
fellesskap. Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit
triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med
ulike psykiske lidelsar.
I avdelinga vår har vi ledig 100% fast stilling i poliklinikken i Ålesund frå
snarast.
Vi har også ledig 2 x 100 % vikariat som LIS-lege, eit ved poliklinikken og eit ved døgnseksjonen i Ålesund.
Vikariatstillingane er ledig frå snarast og i eit år framover, med høve til forlenging
Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon
med einingar i Molde og Ålesund. Poliklinikken i Ålesund og døgnseksjonen si
eining i Ålesund er samlokalisert.
Poliklinikken har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira.
Personalet ved poliklinikken er sett saman av fleire yrkesgrupper og er
organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi eit
småbarnsteam og eit akutt-ambulant team. Vi kan vere fleksible i
forhold til kva team ein vel å arbeide i.
Døgnseksjonen, Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal.
Vi tek imot pasientar med psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten. Ved sidan av ei tverrfagleg samansett miljøterapeutgruppe, har vi 2 overlegestillingar, 1 stilling for psykolog/psykologspesialist og 1 stilling for LIS. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Ved poliklinikken tilbyr vi spesifikke behandlingstilbod for psykose (PEF), traumer (TF-CBT), spiseforstyrrelse (FBT), OCD- og angstbehandling innanfor 4-dagers formatet samt gruppebehandling (MBT-basert) for ungdom. Desse er knytta til ressursgrupper i avdelinga vår, der også tilsette i døgnseksjonen deltek.
Tilsetting vil kunne føre til godkjent og teljande teneste i spesialiteten barne- og ungdomspsykiatri. Avdelinga vil sikre alle delar av utdanningsvilkåra.
Legen vil kunne delta i lokal og regional LIS-utdanning.
Arbeidsstad er i vakre Ålesund, med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund og omland, sjå https://www.visitalesund.com/
Vi ber om at ev. attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad. Angi i søknadsteksten om du søkjer på fast stilling, vikariat, eller om begge er aktuelle.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering, medisinering og behandling/stabilisering
- Fagleg utviklingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid
- Legen vil ta del i felles vaktordning med psykisk helsevern for vaksne
Kvalifikasjonar
- Gjennomført og bestått LIS1-tjeneste, eller turnusteneste etter gammal ordning. Lege før turnus kan bli vurdert.
- Vi søkjer primært etter deg som ønskjer å bli spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, men også andre legar er velkomne til å søkje
- Legar som spesialiserer seg innan allmennmedisin eller vaksenpsykiatri kan også være aktuelle for stillinga
- Meistre norsk språk svært godt, både muntleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Gode relasjonelle egenskaper og evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer, og fremstå som en trygg og kompetent voksen
- Interesse for fag- og organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
- Evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
- Evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Inger Ann Berge, Seksjonsleiar Poliklinikk Ålesund, 70167200, Inger.Ann.Berge@helse-mr.noBeate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar Døgnpost Ålesund, 70106700, beate.olsbo.nilsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Geilebergvegen 206017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4733270892
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 21.04.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2490349
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b45bc25f07884466acfaef69f27097ba