Hopp til innhold

Sommarjobb på Skjold

Arbeidsgiver

Forsvarsbygg

Sted

9334 Øverbygd

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb på Skjold
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 9. april

Forsvarsbygg i Øverbygd - Skjold leir har behov for sommarvikarar til oppgåver knytte til drift, som for eksempel klipping av plenar, rydding, osv. 

Vi søker 3 sommarvikarar i vekene 26-33.

Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026.Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgåver

  • Målearbeid
  • Sommarvedlikehald på grøntanlegg og vegetasjonsrydding
  • Påkommande oppgåver 

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som er:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i 2026
  • Søkar med sertifikat kl. B er å føretrekke
  • Må kunne autoriserast før oppstart

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), frå kr. 293 500,- - 417 600,- i brutto årleg lønn.

Kontaktinformasjon

Jan Arne Johansen, Områdeleiar, 488 98 451

Arbeidssted


9334 Skjold

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Forsvarsbygg

Referansenr.: 5084567073
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 09.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Jan Arne Johansen

Områdeleiar

488 98 451

Om bedriften

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

eede47c1-f1e4-4870-b0e9-f5be87ff2051

Sist endret

4. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8486483610604301a4aacc96be563260

Lignende annonser