100 % fast stilling Udlabu
Voss herad Udlabu
Hardangervegen 51, 5705 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Er du vår nye kollega på Udlabu?
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. november
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om avdelinga:Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som eigne bustader med tillgang til fellesareal. På Udlabu bur det personar med ulike funksjonsvariasjonar. Eininga har ca. 23 årsverk.
Udlabu søkjer- 100 fast stilling som sjukepleiar og/eller vernepleiar
- 80 % vikariat som sjukepleiar og/eller vernepleiar frå 01.02.2026 til 01.10.2026
- Arbeid kvar 4.helg med langvakter eller kvar 3. helg ordinære vakter
Arbeidsoppgåver:
- Bistå tenestemottakar i dagliglivets gjeremål
- Målretta miljøarbeid
- Primærkontaktoppgåver og oppfylging av tiltaksplanar
- Medikamenthandtering
- Skapa tryggleik og struktur
- Delta saman med tenestemottakar på turar og fritidsaktiviteter
- Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar og/eller vernepleiar
- Andre relevante høgskuleutdanningar kan verta vurdert
Me ynskjer at du har:
- kjennskap til aktuelt lovverk
- fordel med erfaring i arbeid til personar med ulike funksjonsvariasjonar
- du må ha pågangsmot, vera løysningorientert og fleksibel
- du må lika endringsarbeid, å arbeida i eit aktivt miljø, vera engasjert og inkluderande
- deg som er oppteken av smidige løysingar og godt samarbeid med tenestemottakar, pårørande og tilsette
- God skriftleg og munnleg norsk
- Sertifikat klasse B
- Rekrutteringstillegg på kr 16 000 for vernepleiar i turnus
- Rekeutteringstillegg på kr 30 000 for sjukepleiar i turnus
- gode vilkår for fagleg utvikling
- varierte arbeidsoppgåver
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eeb86d88-729c-4a28-aeef-99d3a85e4dec
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3558053_213083_nn
Lignende annonser
Sjukepleiar 100% fast stilling
Arbeidsgiver
Voss herad Voss sjukeheim langtidsavdelinga
Sted
Voss
Ledige stillingar som sjukepleiar
Arbeidsgiver
Voss herad Heimeteneste sone vest
Sted
Voss
Er du vår nye kollega på Udlabu?
Arbeidsgiver
Voss herad Udlabu
Sted
Voss