Voss sjukeheim langtidsavdelinga
Voss herad Voss sjukeheim langtidsavdelinga
Sjukehusvegen 15, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 100% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. desember
Voss sjukeheim er lokalisert under område vest, vegg i vegg med Voss sjukehus. Voss sjukeheim ligg sentrumsnært med gangavstand til Voss sentrum og tog-/busstasjon. Område vest består av ei langtidsavdeling og ein kombinerande avdeling med heimeteneste og korttidsavdeling. Utlysinga gjeld for langtidsavdelinga på Voss Sjukeheim 3. og 4. etg. Turnus er to-delt med arbeid 3. kvar helg, evt 4. kvar helg i langvakter. Tillitsmodellen ligg til grunn for vårt pasientarbeid. Me jobbar etter årsturnus som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar.
Våre verdiar er: påliteleg, inkluderande, profesjonell og skapande
Me tilbyr
- stillingsprosent etter ynskje
- rekrutteringstillegg på kr 30 000 for 100% stilling som sjukepleiar i turnus
- tilrettelagt turnus
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjon
- off.godkjent/autorisert sjukepleiar. Sjukepleiarstudentar og også velkomen til å søkja
Me ynskjer
- ein god engasjert off.godkjent/autorisert sjukepleiarkollega til å jobbe ilag med eit fagleg dyktig og godt arbeidsteam i langtidsavdelinga
- at du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse
- at du innehar gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- at du er fleksibel og villig til å ta ansvar
- at du kan delegere og administrere oppgåver og bidra til eit positivt, utviklande og spennande miljø.
- at du er fagleg dyktig og du kan gjerne med relevant vidareutdanning
Personlege eigenskapar som vert vektlagt
Arbeidsoppgåver
- sjukepleiaransvar både dag og kveld
- pleie og omsorg til våre brukarar/pasientar
- varierte sjukepleiarfaglege oppgåver
- tett samarbeid med sjukeheimslege
- medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
- dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem
- rettleiingsansvar for kollegaer, lærlingar, elevar og studentar
- pådrivar for kompetanseheving og deltar aktivt i internundrevisingsopplegg
- endringsarbeid for å utvikle og forbetre tenestene våre. Herunder vedtakspraksis.
- arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen
- arbeid med velferdteknologi
Ta gjerne kontakt på tlf for spørsmål om stillinga! Søknadar vert handtert fortløpande.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b6e3c122-10ee-46b9-bbd9-e0f1b8178857
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3561015_213101_nn
Lignende annonser
Sjukepleiar i langvakt på Vossestrand - institusjon og heimeteneste
Arbeidsgiver
Voss herad Område nord
Sted
Vossestrand
Sone vest søkjer etter sjukepleiar til arbeid på natt
Arbeidsgiver
Voss herad Heimeteneste sone vest
Sted
Voss
Villa Gjerdebu har ledige faste stillingar
Arbeidsgiver
Voss herad Villa Gjerdebu
Sted
Skulestadmo