Overlege til psykose døgnavdeling
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen HF
Tertnesveien 37, 5113 Tertnes, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Overlege til psykosedøgnavdeling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. august
Har du lyst å vere med å vidareutvikle vår psykose døgnavdeling?
Bjørgvin Distriktspsykiatriske Senter er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og bydelane Åsane og Arna i Bergen kommune. Samla har vi eit opptaksområde med omkring 80.000 innbyggarar over 18 år.
Bjørgvin DPS består av fagområdae allmenn og psykose, og ligg på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver. Det gis polikliniske tenester begge stader, døgnavdelingane er lokalisert på Tertnes.
Vi søker etter Overlege til Psykose døgnavdeling da vi ønsker å styrke behandlerteamet ytterlegare.
Ved avdeling C1 har vi frå før ein overlege, psykologspesialist, psykolog, og LIS 3 lege og sosionom. I tillegg er det ein miljøpersonalgruppe, som består av høgskoleutdanna derav mange har relevant vidareutdanning. Avdelinga har eit godt arbeidsmiljø, der det blir lagt vekt på tverrfagleg samarbeid. Vi er opptatt av aktivitet og meistring, og søker også å hjelpe den enkelte pasient til auka forståing av kva for tiltak som er nyttige med tanke på betring. Fagleg tar vi utgangspunkt i fleire tilnærmingar, både innan dynamisk og kognitiv tradisjon og meir generell psykoedukasjon, avhengig av kva som passar for den enkelte. Vi har typisk innleggingar av 1 veke-4 månaders varigheit. Det er moglegheit for å ha noko poliklinisk verksemd parallelt med arbeidet i døgnavdeling.
Døgnavdelinga har 12 sengeplassar. Avdelinga er godkjent for tvungen psykisk helsevern, og har som oftast pasientar innlagd under tvungen vern. Seksjonen jobbar med å etablere tydelege behandlingsforløp internt.
Bjørgvin DPS legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og har fokus på klinikknær forsking. Det er for tida tilsett 11,2 legespesialistar og 22 psykologspesialistar på heile Bjørgvin DPS. Vi har ein intern kollegial rettleiingsgruppe for spesialistar, som treffast månadleg for gjensidig støtte og refleksjon omkring pasientforløp, eigen rolle mv.
Arbeidsoppgåver
- Spesialisert utgreiing og differensiert behandling av tilviste pasientar
- Opplæring av pasientar og pårørande
- Rettleiing av den kommunale helsetenesta
- Undervisning og rettleiing av miljøpersonale
- Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell
Kvalifikasjonar
- Overlege innan psykiatri
- Norsk autorisasjon
- Må meistre Norsk godt både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med erfaring frå psykose døgnavdeling
Personlege eigenskapar
- Engasjert og løysingsorientert
- Tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
- Du liker å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
- Lønn i henhald til gjeldande avtalar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for barnehageplass
- Gode parkeringsmoglegheiter på området
- Ein arbeidsplass med kort reiseveg frå sentrum (10 minutt med bil og 15 minutt med buss)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Renata Alisauskiene, Seksjonsoverlege, 55 95 70 00Eli Birkhaug, Klinikkoverlege, 55 95 70 00
Fredrik Hiis Bergh, Klinikkdirektør, 55 95 70 00
Arbeidsstad
Tertnesveien 375113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4998392320
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Renata Alisauskiene
Seksjonsoverlege
55 95 70 00
Eli Birkhaug
Klinikkoverlege
55 95 70 00
Fredrik Hiis Bergh
Klinikkdirektør
55 95 70 00
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eeb371eb-eb6d-4cf9-a4ab-26210910b74a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2216a8a517f941009e5d9aa518b66d5f