Psykolog/Psykologspesialist - Bergen
Familievernkontoret for Bergen og omland, Bufetat
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykolog/Psykologspesialist
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Ved Bergen og omland familiekontor har vi ledig ei fast stilling i 100 % som psykolog/psykologspesialist. Hos oss vil du vere del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av vårt viktige samfunnsoppdrag.
Bergen og omland familiekontor har lokasjonar i Bergen, på Stord, og i Odda, med utekontor på Voss og Husnes. Arbeidsstad for stillinga er Bergen.
Kontora har til saman omlag 40 tilsette med utdanning som familieterapeutar, psykologar/psykologspesialistar, og tilsette med kontorfagleg kompetanse. Familievernet gir tilbod til familiar, par og barn som sjølv oppsøker tenesta med ulike typer relasjonsproblem. Tenestetilbodet består av familie og parterapi, grupper, kurs, mekling, tilsyn v/samvær og bistand til foreldresamarbeid der foreldre ikkje bur saman. Familievernet utfører lovpålagt mekling mellom foreldre med formål om å hjelpe dei til å finne gode løysingar for barn etter samlivsbrot.
Familievernet er i utvikling, og eit av satsingsområda er å auke barn si medverknad i eige liv gjennom familievernets tenestetilbod.
Arbeidsoppgåver
I familievernet vil du arbeide med:
- Terapi og rådgjeving for familiar og par med samlivs- og relasjonsvanskar.
- Foreldrerettleiing.
- Å auke barns medverknad gjennom familiesamtalar og samtalar med barn/ungdom.
- Arbeid med mekling for foreldre etter ekteskaps- og barnelova.
- Samvær med tilsyn.
- Kurs og grupper.
- Utadretta og førebuende arbeid.
- Intern fagutvikling i samarbeid med kollegaer.
- Administrative/andre oppgåver knytta til drift av kontoret.
Kva slags bakgrunn har du?
Krav til stillingane:
- Profesjonsutdanning i psykologi og godkjenning som psykolog eller psykologspesialist
- Relevant arbeidserfaring med barn, ungdom og familiar etter utdanninga.
- Gode kliniske ferdigheiter.
- Gode IKT-ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Kven ser vi etter?
Du har:- Evne til å møte menneske i vanskelege livssituasjonar på ei respektfull, god og trygg måte.
- Evne til å arbeida både sjølvstendig og i team.
- God arbeidskapasitet.
- Evne til sjølvleiing og fleksibilitet.
- Interesse for og evne til å møte faglege utfordringar.
Personlege eigenskapar og samansetning av personalgruppa vil bli vektlagt.
Grunna behov for kjønnsmessig balanse i personalsamansetjing oppmodas menn til å søkja.Kva får du hos oss?
- Stillinga som psykolog/psykologspesialist er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 psykolog, p.t. kr 660 000 - 732 000 pr. år, stillingskode 0795 spesialpsykolog, p.t. kr 750 000 - 830 000 pr. år eller stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 800 000 - 900 000 pr. år.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan vurderast ved særs gode kvalifikasjonar.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Vi kan også tilby:
- Løyve til å trene ein time pr. veke i arbeidstida.
- Fleksibel arbeidstid innafor bestemte rammar.
- Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, noko vi meiner har ein stor verdi i seg sjølv .
- Tilrettelegging for vidareutdanning i familieterapi etter avtale.
Informasjon til deg som søkjer
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bergen og omland familiekontor, lokasjon Odda.
- Vi ønskjer lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetninga er viktig.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. Familevernkontorloven § 2 a, jf. Politiregistreringsloven § 39 første ledd. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Alice Tunestveit, Enhetsleder, 466 18 902Arbeidssted
Solheimsgaten 135058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5052577532
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Alice Tunestveit
Enhetsleder
466 18 902
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eead8eee-b56c-4056-a28f-07e9c9d78178
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
559e2722b24a49dbbfdcaa576668bf6c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin/ AFR Tertnes, Helse Bergen HF
Sted
Tertnes
Arbeidsgiver
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)/ BUP Fana, Helse Bergen HF
Sted
Nesttun
Psykologspesialist/Psykolog
Arbeidsgiver
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Helse Bergen HF
Sted
Bergen