Hopp til innhold

Tilkallingsvikar som cateringmedarbeidar?

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

6680 Halsanaustan

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikar i catering på sambandet Halsa-Kanestraum
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 12. mai

Fjord1 har ledig stilling som tilkallingsvikar i catering i sambandet Halsa-Kanestraum.

Vi søkjer ein serviceinnstilt cateringmedarbeidar til arbeid om bord på ferje. Arbeidet inneber sal og servering av mat og drikke, kundeservice, samarbeid med kollegaer samt vask og rydding. Du må trivast med å jobbe med folk og kunne arbeide effektivt i ein travel kvardag. Søkjar bør bu lokalt og vere fleksibel, då vi har tre ulike ferjer i sambandet, og arbeidet kan vere fordelt mellom desse.

    Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.

    Arbeidsoppgåver

    • Kundebehandling
    • Produksjon og sal av mat i kiosk
    • Delta i reinhald av dei områder som høyrer til cateringdrifta
    • Varebestilling/varemottak
    • Andre relevante oppgåver

    Kvalifikasjonar

    • Gyldig helseattest
    • Krise- og passasjerhandtering - Fjord1 kan dekke kurskostnader om nødvendig
    • Beherske norsk godt muntleg og skriftleg
    • Det er ein fordel om du beherskar engelsk muntleg
    • Evne til å jobbe sjølvstendig, ta ansvar og takle hektiske arbeidsdager 
    •  

    Personlege eigenskapar

    Vi søker en serviceinnstilt og fleksibel cateringmedarbeider som brenner for gode kundeopplevelser, pågangsmot og positiv innstilling er viktig. Om disse eigenskapane beskriver deg som person, tar vi gledeleg imot din søknad.

    Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
    • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø

    Kontaktinformasjon

    Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518

    Arbeidsstad


    6680 Halsa

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5120063891
    Stillingsprosent: 0%
    Vikar
    Søknadsfrist: 12.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Jill Mari Juberg

    Rekrutteringsmedarbeider

    +47 +4794082518

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    ee9ef084-a2e4-46af-b36c-886438ed0d43

    Sist endret

    27. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    2b36b67334e54469aaa724ee9a194cae

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser