Tilkallingsvikar
Kontaktsenteret, Haugesund Sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 0%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 14. juli
Kontaktsenteret består av Dialogsenteret og Dokumentsenteret, og er eit viktig bindeledd mellom pasientar, pårørande og sjukehuset sine tenester.
Hos oss får du ein variert kvardag med telefon, skranke, rettleiing og administrative oppgåver. Vi ser etter deg som møter menneske på ein roleg og profesjonell måte, likar å ha orden i oppgåvene dine og har høve til å ta vakter ved behov, også på kort varsel.
Har du lyst til å bidra til gode møte med pasientar og pårørande, og kan ta vakter ved behov? Då vil vi gjerne høyre frå deg.Kva går jobben ut på?
Som tilkallingsvikar kan du få varierte oppgåver, blant anna:
- Betjening av hovudskranke og mottak av pasientar og besøkande.
- Handtering av sentralbord og telefonførespurnader ved Dialogsenteret.
- Administrativt arbeid knytt til tilvisingssenteret.
- Registrering og handtering av tilvisingar.
- Rettleiing og informasjon til pasientar og samarbeidspartnarar.
- Andre førefallande oppgåver i kontaktsenteret.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant erfaring fra serviceyrker, kundesenter eller helsesektoren er ein fordel
- Gode IT-kunnskapar og evne til å setje seg inn i nye system
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Kjennskap til pasientadministrative system er ein fordel, men ikkje eit krav
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- imøtekommande og serviceinnstilt
- strukturert og nøyaktig
- god til å handtere fleire oppgåver samtidig i ein travel kvardag
- trygg i kommunikasjon og god til å samarbeide med andre
- har høve til å ta vakter ved behov, også på kort varsel
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- ein variert arbeidkvardag tett på pasientar, pårørande og sjukehuset sine tenester
- god opplæring og innføring i systema du skal bruke
- kollegaer som hjelper kvarandre og deler kunnskap
- nyttig erfaring frå administrativt arbeid i spesialisthelsetenesta
Vi vurderer søknader fortløpende.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Dagmar Haugeberg, Avdelingsleiar, dagmar.haugeberg@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5149436067
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 14.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ee961111-e674-4fea-b976-87bfd1cafe11
- Sist endret
25. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c59f586a86ff4acabe3dd10d9c5db1fa