Hopp til innhold

Arealforvaltning

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Byggesak og landbruk

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar 100% fast stilling , Byggesak og landbruk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Om avdelinga:

Vi har ledig ei 100 % stilling som rådgjevar knytt til landbruk og forureining på avdelinga Byggesak og landbruk.  

Landbruket er ein viktig del av kommunen sitt næringsgrunnlag, utforming av kulturlandskap og samfunnsberedskap med ei sentral rolle for matproduksjon og matsikkerheit. Stillinga omfattar både landbruksforvaltning og rettleiing til bøndene, men også oppfølging av meldingar om forureining og miljøsaker. Vi søkjer nå etter ein rådgjevar på landbruk som ønskjer å arbeide tett på næring og lokalsamfunnet.  

Byggesak og landbruk er ein del av eininga Arealforvaltning. Avdelinga har ansvar for byggesak, matrikkel, landbruk, forureining m.m. Vi arbeidar tett saman med dei andre avdelingane på eininga er Klage og tilsyn og Oppmåling  for å løyse oppgåvene våre.  

Arealforvaltning er ein del av kommunalområdet Samfunnsutvikling som har eit overordna ansvar for heilskapleg og berekraftig utvikling av kommunen. Gjennom samarbeid på tvers av fagmiljø arbeidar vi for god arealbruk, føreseielege prosessar og god tenesteyting til innbyggjarar og næringsliv.  

Kven er du?  

Vi ser etter deg som har erfaring og kompetanse innan forureining, klima, miljø og naturmangfald, og som raskt set deg inn i nye problemstillingar. Du arbeider sjølvstendig og strukturert, leverer arbeid av høg kvalitet og har samstundes god vurderingsevne for kva som er tilstrekkeleg i den enkelte saka. 

Du tek initiativ og driv saker framover, er serviceinnstilt og kommuniserer godt med innbyggarar og andre samarbeidspartnarar. Vidare har du god skriftleg og munnleg framstillingsevne, trivst med samarbeid og bidreg som ein positiv og løysingsorientert lagspelar i arbeidsmiljøet. 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.  

 

Arbeidsoppgåver:

  • Handsaming av tilskotsordningar som SMIL, PT m.m.  
  • Forvaltningsoppgåver knytt til lovsaker som jordlov- og konsesjonssaker og driveplikt 
  • Forvaltningsoppgåver knytt til sakshandsaming av landbruksvegar.  
  • Forvaltningsoppgåver knytt til vurdering av landbruksinteresser i planarbeid 
  • Næringsutvikling knytt til landbruk, arrangere fagmøte, kurs og liknande 
  • Kontakt og rettleiing av bønder / grunneigarar 
  • Tverrfagleg samhandling med andre fagområde og samarbeidspartar i og utanfor kommunen 
  • Arbeid etter forureiningslova  

 Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. Fagfelt vert delt med kollegar ved avdelinga.  

 

Kvalifikasjonar:

Må ha:
  • Relevant høgare utdanning som høgskule eller universitetsutdanning som f.eks. geografi, biologi eller anna utdanning innan miljø, klima, naturfag, forureining, natur eller tilsvarande 
  • Relevant arbeidserfaring med produksjonstilskot 
  • Relevant arbeidserfaring etter forureiningslova  
  • Har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne   

 Ønskjeleg med:

  • Erfaring og kompetanse innanfor forureining, klima, miljø og naturmangfald   
  • Personlege eigenskaper:

    • Sjølvstende, initiativ og gode samarbeidsevner 
    • Har evne til å raskt sette deg inn i nye problemstillingar   
    • Kan levere arbeid av høg kvalitet, men samtidig kan levere arbeid som er "godt nok"   
    • Tar iniativ og kan drive saker framover   
    • Er serviceinnstilt og kan ha ein god dialog med innbyggarar   
    • Har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne   
    • Trivs med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer   
    • Er løysingsorientert og fleksibel  

     

    Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.

     

    Vi tilbyr:

    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • IA bedrift
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
    • Interessante utfordringar
    • Høve til fagleg og personleg utvikling

     

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om bedriften

    Avdeling dele- og byggesak utgjer 11 tilsette og er organisert som del av eining byggesak, tilsyn og miljø. Avdelinga handsamar alle byggesøknader i kommunen.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    ee89bb3b-9e94-4933-bb86-a2619a0c25f6

    Sist endret

    26. januar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3581923_192821_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser