Hopp til innhold

IT-servicemedarbeider Surnadal vgs

Arbeidsgiver

IT-seksjonen, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Øyatrøvegen 30, 6650 Surnadal

Om jobben

Stillingstittel
IT-servicemedarbeider Surnadal vgs
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Tilsette i rolla IT‑brukarstøtte høyrer til under «Team Brukaroppleving» og har Surnadal vidaregåande skule som fast arbeidsstad. Team Brukaroppleving er ein del av IT‑seksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune, og hovudoppgåva for rolla er brukarstøtte.
I tillegg til å vere fysisk til stades på skulen, vil rolla vere del av ei felles ressursgruppe som skal hjelpe andre lokasjonar i området ved behov. Dette kan gjelde andre vidaregåande skular, administrative einingar og tannklinikkar. Rolla inngår òg i den felles IT‑støttefunksjonen (vakt) for heile fylkeskommunen.
IT‑brukarstøtte i Team Brukaroppleving gir støtte til både tilsette og elevar gjennom saksbehandling i supportsystemet, samt via chat, e‑post og telefon.

Arbeidsoppgåver

  • Brukarstøtte til tilsette og elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune
  • IT‑støtte ved skulestart, eksamen og andre hektiske periodar
  • Lokal IT‑ressurs for skulen
  • Opplæring i bruk av IT‑tenester
  • Montering og rigging av teknisk utstyr og AV‑utstyr
  • Saksbehandling i supportsystemet
  • Inngå i vaktordning for sentral support
  • Rettleiing av lærlingar

Kvalifikasjonar

  • Minimum bestått fagbrev i IKT‑servicefag eller grunnleggande utdanning innan IT
  • Førarkort og tilgang til bil
  • God forståing av IT‑infrastruktur
  • Erfaring med servicearbeid innan IT
  • Kjennskap til ITIL‑metodikk

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein ny servicemedarbeidar som er strukturert, sjølvstendig og utadvend. Du må ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel og trivast med ein variert arbeidsdag.
Vi søkjer deg som er serviceinnstilt og pliktoppfyllande. Du må vere komfortabel med telefon og chat som arbeidsverktøy, og ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Vi set pris på stor arbeidskapasitet, og du må kunne handtere periodar med høgt tempo. Det er viktig at du raskt kan setje deg inn i nye rutinar og system, og at du har eit sterkt ønskje om å hjelpe andre på best mogleg måte.

Vi treng at du har gode evner til samhandling, og er trygg i rolla som rettleiar til lærlingar. 
Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spennande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterkt fagmiljø
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Gry Rishaug Hansen, Teamleder team brukeropplevelse, +47 41643033

Arbeidsstad

Øyatrøvegen 30
6650 Surnadal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5111054246
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Gry Rishaug Hansen

Teamleder team brukeropplevelse

+47 41643033

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Lenke til: Stab for organisasjon og tenesteutvikling - Møre og Romsdal fylkeskommune

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ee3dbe97-32c5-4613-a650-85edde151f9a

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

eb9fab846870416b9f1d00f996be33af

Lignende annonser

Laster lignende annonser