Hopp til innhold

Jurist

Arbeidsgiver

Helse Fonna HF

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Jurist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. november

Vi søker ein dyktig jurist til å styrke laget vårt i Helse Fonna!

Ønsker du å vere med og ivareta den juridiske kompetansen i den største og mest komplekse organisasjonen i regionen? Du vil jobbe tett saman med føretaksjuristen vår og bidra til å sikre at tenestene våre utviklar seg og blir ivaretatt i tråd med lovkrava. 

Hovudområda innan juridisk rådgjeving vil vere helserett og avtalerett. Undervisning av helsepersonell og andre faggrupper vil også vere ein del av ditt arbeid, samt bistand og rådgjeving i andre juridiske spørsmål.


Kva går jobben ut på?

  • Juridisk rådgjeving med hovudvekt på helserett, avtalerett, helseforsking og GDPR.
  • Sakshandsaming av innsynskrav, klagesaker og vurdering av andre rettslege spørsmål for helseføretaket.
  • Undervisning og rettleiing etter behov.
  • Samhandling med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Utvikling og revidering av rutinar for å sikre etterleving av lovkrav.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
  • Interesse for og erfaring med avtalerett.
  • Interesse for og erfaring med arbeid knytt til helsevesenet.
  • Kjennskap til relevant regelverk knytt til arbeidsoppgåvene.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning eller sakshandsaming.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både nynorsk og bokmål.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

  • samarbeider godt med andre
  • arbeider sjølvstendig og engasjert
  • tilpasser deg ulike oppgåver og arbeidsmåtar
  • ser etter løysingar

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stor breidde
  • Regionalt juridisk nettverk
  • Varierte og meiningsfulle oppgåver
  • Medlemskap i offentleg pensjonsordning
  • Løn etter avtale

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Andreas Andreassen, Fagdirektør, +47 46933044, andreas.andreassen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5201801524
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Andreas Andreassen

Fagdirektør

+47 46933044

andreas.andreassen@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

edfbe5de-d858-4bdc-988a-aa548cfca613

Sist endret

6. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a9eeb4b0a6de44bb9a73709b43cde4d7

Lignende annonser

Laster lignende annonser