Hopp til innhold

Bedriftslege/arbeidsmedisiner

Arbeidsgiver

Helse Fonna HF

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Bedriftslege/Arbeidsmedisiner
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. november

Vi søkjer ein bedriftslege i minimum 30% og opptil 50% fast stilling ved bedriftshelsetenesta (BHT) i Helse Fonna. Stillinga passar både for deg som er spesialist i arbeidsmedisin, og for deg som ønskjer å utvikle deg innan fagområdet.

Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg fagmiljø som arbeider for trygge, sunne og helsefremmande arbeidsplassar. BHT/HMS er ei intern teneste i Helse Fonna og er organisert under HR med 38 medarbeidarar. I avdelingen BHT/HMS er vi 6 medarbeidere som mellom anna jobbar med arbeidsmedisin, fysisk og kjemisk arbeidsmiljø, psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø, ergonomi, smittevern og systematisk HMS-arbeid.

Som bedriftslege får du ei viktig rolle i det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet. Du får samarbeide med ulike faggrupper og blir ein del av eit fagleg nettverk med bedriftslegar i Helse Vest og nasjonalt.


Kva går jobben ut på?

  • Gi arbeidsmedisinsk rådgiving og bidra i det systematiske HMS-arbeidet.
  • Gi råd om nærværsfremmande tiltak, sjukefråværsoppfølging og tilrettelegging.
  • Leie relevante prosessar og prosjekt.
  • Ha ansvar for at det medisinske arbeidet i BHT er i samsvar med faglege reglar og normer.
  • Planlegge og gjennomføre målretta helsekontrollar og yrkesvaksinasjonar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som lege og gjennomført turnusteneste/LIS1.
  • Du har fullført spesialisering i arbeidsmedisin, er i gang med spesialisering eller har relevant erfaring innan fagområdet.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Kompetanse innan førebyggande arbeidsmiljøarbeid og interesse for arbeidsmiljøarbeid i komplekse organisasjonar.
  • God kjennskap til arbeidsmiljølova, forskrifter og anna relevant lovverk.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • samarbeider godt med andre og trivst med tverrfagleg arbeid
  • kommuniserer tydeleg og formidlar medisinsk kunnskap på ein forståeleg måte
  • arbeider systematisk og målretta
  • har gode analytiske evner og kan vurdere samansette problemstillingar 

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

    Vi tilbyr

    • Ei variert og sjølvstendig stilling med fleksibel arbeidstid.
    • Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
    • Deltaking i faglege nettverk med bedriftslegar i Helse Vest og nasjonalt.
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Laura Dida Maria Hauge, Avdelingsleiar, +47 45851417, laura.dida.maria.hauge@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120
    5528 Haugesund

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5197103762
    Stillingsprosent: 50%
    Fast
    Søknadsfrist: 18.11.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Laura Dida Maria Hauge

    Avdelingsleiar

    +47 45851417

    laura.dida.maria.hauge@helse-fonna.no

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    095094b6-4e98-42c6-a14d-65ea3932f915

    Sist endret

    22. oktober 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    79752ff5e7fd43abafa7f92914d29a13

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser