Rådgjevar for klima og miljø i offentlege innkjøp
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar for klima og miljø i offentlege innkjøp
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Vil du vere med på å fremje grøn omstilling i offentleg sektor? Vi søkjer ein engasjert og strukturert rådgjevar som vil vere med på å styrkje arbeidet med klima og miljø i offentlege innkjøp på tvers av kommunane i Valdres.
Stillinga er ei nyoppretta prosjektstilling med varigheit på tre år. Målet er å støtte kommunane i arbeidet med å stille gode klima- og miljøkrav i innkjøp, og bidra til at berekraftige løysingar blir valde. Du vil vere ein fagleg rådgjevar og kvalitetssikrar i innkjøpsprosessar, og halde deg oppdatert på relevante lover, forskrifter og utvikling i marknaden.
Du vil vere tilsett i Øystre Slidre kommune, og ha kontorstad på kommunehuset på Tingvang i Heggenes. Du vil arbeide saman med Valdreskommunanes felles innkjøpskoordinator, og også aktivt ut mot alle dei andre kommunane som deltar i samarbeidet: Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle og implementere rutinar for klima- og miljøkrav i innkjøp
- Rettleie og støtte kommunane i konkrete innkjøpsprosessar
- Følgje opp og evaluere miljøkrav i innkjøp
- Halde oversikt over regelverk og marknadstrendar
Kvalifikasjonar
Utdanning og kompetanse
- Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet. Solid og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Gjerne kunnskap og erfaring innan klima, miljø og økonomi
- Kjennskap til regelverket for offentlege innkjøp og miljøkrav i innkjøpsprosessar er ein fordel
Erfaring
- Erfaring med systematisering av rutinar, kvalitetsarbeid, prosjektleiing eller forbetring av arbeidsprosessar er ønskjeleg
- Erfaring frå offentleg forvaltning eller innkjøpsarbeid er ein fordel
Ferdigheiter
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk
- God digital kompetanse og erfaring med bruk av IKT-verktøy i arbeidshøve
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har eit sterkt engasjement for klima og miljø
- Er strukturert og sjølvstendig
- Trivst med samarbeid på tvers av fag og kommunegrenser
- Har relevant utdanning og erfaring frå offentleg forvaltning eller innkjøp
- Er initiativtakande, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
Vi har eit framifrå arbeidsmiljø med god aldersspredning, samt moglegheiter for heimekontor. Her er det plass til kvar og ein. Vi har open kantine med varmmat.
Praktisk informasjon
Søknad skal sendast via søknadsportalen. Hugs å leggje ved dokumentasjon på utdanning og attestar.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk, inkludert verifisering av utdanning og arbeidserfaring.
Kontaktinformasjon
Tone Snortheim, Tenesteleiar næring, plan og byggesak, 415 54 347Ole Torgeir Dokkebakke, Innkjøpskoordinator, 918 62 525
Jostein Aanestad, Kommunedirektør, 991 65 935
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5006243699
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 07.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Jostein Aanestad
Kommunedirektør
991 65 935
Ole Torgeir Dokkebakke
Innkjøpskoordinator
918 62 525
Tone Snortheim
Tenesteleiar næring, plan og byggesak
415 54 347
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
edfb0b99-0686-4d60-a300-9f886a251e40
- Hentet fra
talentech
- Referanse
04e76aa80575416aa748974546027fcf