Driftskoordinator kjøkken - 100% fast stilling
Drift-/teknisk divisjon/ Produksjon, Helse Bergen HF
Jonas Lies vei 69, 5053 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftskoordinator. 100% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Hospitaldrift har 7 einingar og ca. 790 medarbeidarar. Hospitaldrift Matforsyning er ei av dei. Eininga har ca. 160 tilsette fordelt på 110 årsverk, og forvaltar årleg ca. 110 mill. kroner. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar. Kjøkkenet produserer nærare 3.000 porsjonar varm mat dagleg, og er såleis eit av Noregs største produksjonskjøkken i offentleg sektor.
Vi har no ledig 100% fast stilling som Driftskoordinator ved vårt sentralkjøkken.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein naturleg del av den daglege drifta
- Vere ein pådrivar for utvikling og implementering av varesortiment og menyar
- Ta del i opplæring, motivasjon og utvikling av medarbeidarar
- Sikre god logistikk og vareflyt
- Støtte leiaren i ivaretakinga av seksjonen sine driftsoppgåver
- I lag med kvalitetsleiaren sikre at avdelinga sine prosedyrar og rutinar (særleg IK-Mat og HMS) blir følgde og er i samsvar med lov og forskrift.
- Sikre at inventar, maskiner og utstyr på kjøkkenet blir tekne vare på
- Sikre rett bemanning frå dag til dag
- Vere ein ressursperson i faglege spørsmål og forbetring
- Ved behov ta del i andre oppgåver som naturleg høyrer til kjøkkendrift
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk
- Erfaring frå institusjonskjøkken ein fordel
- Kjennskap og interesse for digitale verktøy og programvare i næringsmiddelindustri
- Kjennskap til IK-mat og HMS
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Skape tillit og gode relasjonar med medarbeidarar på tvers av seksjonar, kollegaer og leiing
- Evne til å formidle bodskap til teamet klart og tydeleg
- Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Kunne ta avgjerder basert på fakta og vurderingar, sjølv under press
- Vere tydeleg og stå for vala dine
- Evne til å handtere usemje på ein konstruktiv måte
- Skape løysingar som tek vare på både menneske og mål
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN."
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Eit meningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jarle Egeland, Seksjonsleiar, 55975891Arbeidsstad
Jonas Lies vei 695053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5024287682
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Jarle Egeland
Seksjonsleiar
55975891
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 
- Sektor 
- Offentlig 
- Nettsted 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- edde536a-939b-4df0-8d7c-b99e25b219eb 
- Sist endret
- 31. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- 72e3a11bea9c4306947721994adb1a54 
Lignende annonser
Matvert Spisestua 15%
Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning/ Spisestua seksjon 1, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Studentsamskipnaden på Vestlandet - Sammen
Sted
Bergen
Reinhaldsoperatør/ Reinhaldar
Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald/ Reinhald seksjon 8, Helse Bergen HF
Sted
Bergen