Administrasjonsrådgivar
Kommunikasjon og samfunnskontaktHelse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 1, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Administrasjonsrådgivar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 7. mai
Er du klar for ei spennande utfordring?
Vi har ledig ei fast 100 % stilling som administrasjonsrådgivar i administrerande direktør sin stab. Vi ser etter deg som vil vere med å utvikle sekretariatet vidare og bidra til å forme framtida i helseføretaket vårt.
Arbeidsstad er Ålesund, men det må påreknast noko reiseverksemd.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Sentral rolle: Du vil få ansvar for å planlegge og organisere styrearbeidet i HMR og til brukarutvalet i føretaket. Du vil vere sekretær i møta og ha ansvar for oppfølging av saker i etterkant.
- Varierte oppgåver: Oppgåver for adm. direktør og føretaksleiinga, for eksempel saksutgreiingar og møteplanlegging/møtetilrettelegging. Ein del administrativt og servicearbeid følger med oppgåvene.
- Utviklingsmoglegheiter: Vi tilbyr eit dynamisk arbeidsmiljø der du kan utvikle deg og di kompetanse.
- Ein må rekne med noko kveldsarbeid i samband med møter.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, eller tilsvarande realkompetanse
- God IKT kunnskap og bruk av ulike dataverktøy
- Svært god skriftleg framstillingsevne
- Erfaring med saksbehandling og saksbehandlingssystem er ein fordel
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du har proaktiv arbeidsstil med gode planlegging- og gjennomføringsevner
- Du har svært gode kommunikasjonsevne med ulike aktørar, for å sikre framdrift og god saksavvikling
- Du er tydeleg og forståeleg i møte med brukarar og tilsette
- Du er sjølvstendig, løysingsorientert og beheld roa i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du er serviceinnstilt, fleksibel og ikkje redd for utfordringar
- Du er effektiv og har evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
- Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter avtale
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
May-Helen Molvær Grimstad, Kommunikasjonsdirektør, +47 93063569, may.grimstad@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 16017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4954860707
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 07.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2919932
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cddde444005d41919d59f991e636ee53