Rådgjevar
Rettleiingstenesta Vestland indre (Voss), Vestland fylkeskommune
Gymnasvegen 5, 5700 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Rettleiingstenesta er ei brukarnær teneste i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, lærebedrifter, samarbeidsorgan, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar, lærlingar og lærekandidatar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar/lærekandidatar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk- psykologiske tenester. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologis teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift (OIB) og vidaregåande opplæring for vaksne (VO).
Rettleiingstenesta vestland indre har to kontor, i Sogndal og på Voss. Vi har ei 100% ledig fast stilling som rådgjevar i oppfølgingstenesta (OT) og opplæring i bedrift (OIB) med kontorplass på Voss frå 01.02.2024.
Arbeidsoppgåver
Bidra til at rettleiingstenesta leverer tenester med høg fagleg kvalitet til elevar og lærlingar ved å:
- halde kontakt med og rettleie ungdom utanfor opplæring og arbeid, for å formidle tilpassa opplæring
- rettleie, følgje opp og besøke lærlingar og lærebedrifter
- arbeide førebyggande for å sikre at ungdom gjennomfører vidaregåande opplæring i skule og i bedrift
- samhandle tett med skular, lærebedrifter, samarbeidsorgan og andre offentlege instanser
- arrangere kurs og informasjonsmøte, informere om fagopplæring i arbeidslivet
- Saksbehandle i tråd med gjeldande regelverk
- samarbeide tverrfagleg internt i tenesta og eksternt med våre samarbeidspartnarar
- utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
- relevant utdanning frå høgskule eller universitet, som t.d. i pedagogiske fag
- rettleiingskompetanse
- kunnskap om vidaregåande opplæring i skule og bedrift
- kjennskap til saksbehandling og bruk av lov - og regelverk
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
- førarkort kl. B
Personlege eigenskapar og særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som:
- set ungdommane si læring og deira utvikling i sentrum for arbeidet
- er løysingsorientert, strukturert og har stor interesse for fagleg utvikling
- har evne til å samarbeide, men òg jobbe sjølvstendig
- er fleksibel, inkluderande og har evne til å byggje gode relasjonar
Vi tilbyr
- Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
- Vi er opptekne av at vi skal trivst på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Dei fleste tenestepensjonar vert berre utbetalt i 10 år, offentleg tenestepensjon varar frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut.
- Gode forsikringsvilkår.
- Stillingsnemning konsulent/rådgjevar/seniorrådgivar etter kvalifikasjonar og erfaring.
Andre opplysningar
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Det er krav om politiattest før tilsetjing
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Mona Kristin Øvereng Ylvisåker, leiar, 41680306Arbeidsstad
Gymnasvegen 55700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4894938873
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Mona Kristin Øvereng Ylvisåker
leiar
41680306
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2811895
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4c63f23de0254f7a98f6ae01962854c8