Hopp til innhold

Sommarjobb på Elverum

Arbeidsgiver

Forsvarsbygg

Sted

2406 Elverum

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb på Terningmoen
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 9. april

Forsvarsbygg på Terningmoen søker 2 sommarvikarar til jobb i vekene 25-34.
Du vil jobbe med ulike oppgåver primært knytt til utandørsdrift, som for eksempel klipping av plen, rydding og liknande. 

Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Arbeid ut over oppgitte veker (25-34) kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.

Vi ønsker at du oppgir i søknaden kva perioden du kan jobbe.


Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb 

Arbeidsoppgåver

  • Utandørs vedlikehald
  • Park og hage
  • Påkommande oppgåver

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som er:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Må vere fylt 18 år
  • Må ha førarkort kl. B
  • Må kunne autoriserat før oppstart
  • Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid

Vi tilbyr

Lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), kr. 417 600,- i brutto årleg lønn.

Kontaktinformasjon

Lisbeth Engebretsen, Områdeleiar, 992 22 144
Thomas Faller, Distriktssjef, 404 47 074

Arbeidsstad


2406 Elverum

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Forsvarsbygg

Referansenr.: 5085996098
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 09.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Thomas Faller

Distriktssjef

404 47 074

Lisbeth Engebretsen

Områdeleiar

992 22 144

Om bedriften

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ed03d282-8900-4ed0-b838-14384fa4d7a1

Sist endret

26. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d1fb650f75644931a06bfbdf936cb44b

Lignende annonser

Sommerhjelp, enhet veg, park og anlegg

Arbeidsgiver

Enhet veg, park og anlegg, Elverum kommune

Sted

Elverum