Snikkar/miljøarbeidar - Herøy Produksjon
Seksjon gneis, Herøy kommune, Bu- og habiliteringsavdelinga
Kvithaugsmyra 4, 6092 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Snikkar/Miljøarbeidar - Herøy Produksjon
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 29. april
Har du sans for folk, fiksfakseri og furu?
Vil du vere med å skape meining, glede og gode kvardagar? Vi søkjer deg som ønskjer å vere ein del av eit arbeidsmiljø prega av inkludering, hjarte, humor, samarbeid og fagleg engasjement.
Herøy Produksjon er ei tilrettelagd bedrift for menneske med ulike funksjonsvanskar, og vi søkjer no ein engasjert snikkar/miljøarbeidar til vårt team. Vi ser etter deg som har interesse for trearbeid og ønskjer å bidra i eit allsidig og meiningsfylt arbeid. I tillegg til snikkarverksemda tilbyr vi også digitalisering av film og bilete, samt ei kreativ avdeling som jobbar med småprodukt og bestillingsarbeid. Ein del av arbeidsoppgåvene vil vere knytt til dette.
Seksjon Gneis har ledig ei 100 % stilling som snikkar/miljøarbeidar frå dags dato. Arbeidsstaden er for tida Herøy Produksjon, med dagarbeid.
Som snikkar/miljøarbeidar hos oss får du ei variert rolle med både praktiske og pedagogiske oppgåver. Ein viktig del av jobben er å tilretteleggje og rettleie menneske med ulike behov i arbeidskvardagen. Du vil vere med på å utvikle produkt, lage malar, følge opp dagleg HMS, og bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø for alle.
Arbeidsoppgåver
- gje praktisk og sosial støtte til menneske i arbeidskvardagen
- vere kreativ og bidra til utvikling og produksjon av trevarer og andre produkt
- planleggje og gjennomføre tilpassa arbeidsoppgåver for andre
- bidra til tryggleik, struktur og gode relasjonar i arbeidsmiljøet
- følge opp daglege HMS-rutinar
- lage malar og prototypar
- dokumentere i journal
Kvalifikasjonar
- fagbrev som snikkar, personar med lang erfaring frå snikkararbeid kan verte vurderte
- relevant erfaring med tilrettelagt arbeid er ein fordel
- gode samarbeidsevner og evne til å rettleie
- praktisk sans og interesse for trearbeid
- kreativitet og løysningsorientert tilnærming
- evne til å bruke IKT som arbeidsverktøy
- førarkort klasse B
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i webcruiter saman med søknaden.
Godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- har evne til teamarbeid, samarbeid og sjølvstendig arbeid
- er målretta, kreativ og strukturert
- er løysningsorientert og fleksibel
- vil vere ein god rollemodell
- har evne til å engasjere og motivere
- har gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- set pris på å arbeide med og i lag med menneske
- ha eit varmt hjarte og trivast i møte med ulike menneske
Vi legg stor vekt på at søkaren er eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- ein arbeidskvardag som gjer ein forskjell for andre
- utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer
- løn etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement
- IA-bedrift
- pensjonsordning
- tverrfagleg yrkesgruppe
Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Beate Lyshagen Sævik, Seksjonsleiar, +47 90863291, beate.lyshagen@heroy.kommune.noArbeidsstad
Kvithaugsmyra 46092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5100703946
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ecfce1d2-407f-46e4-a0ed-c089c7122ac6
- Sist endret
8. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
eda3f87666e44764933ed6d4dc7a7b83