Hopp til innhold

Sommarjobb innen reinhald i Bjerkvik

Arbeidsgiver

Forsvarsbygg

Sted

8530 Bjerkvik

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb innan reinhald i Bjerkvik
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 16. april

I samband med årets ferieavvikling er vi på jakt etter 2 sommarvikar til vår lokasjon i Bjerkvik i perioden veke 27-31.

Arbeidsoppgåvar vil vere innan dagleg reinhald og vi søkjer sommarvikarer som kan arbeide heile perioden.
Det vil bli gitt grundig opplæring før oppstart.

Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din, men ønsket er at du kan jobbe 100 % heile perioden (veke 27-31). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.


Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg/regelmessig reinhald av bygg
  • Utføre reinhaldsarbeid etter oppsette arbeidsplanar

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som er løysingsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig. 
Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og like varierte utfordringar. 
Vidare er  du omgjengeleg og nøyaktig, og har gode samarbeidsevner. Du må også kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø. 

Kvalifikasjonar

  • Du må vere over 16 år eller fylle 16 år i løpet av 2026
  • Du må ha allmenn god helse og fysikk
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Du må kunne autoriserast før oppstart 
  • Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller reinhaldsbetjent (kode 1138/1129), frå kr. 293 500,- - kr. 417 600,- i brutto årleg lønn.

Kontaktinformasjon

Unni Zimmermann, Reinhaldsleiar, 950 68 643

Arbeidssted


8530 Bjerkvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning Renhold

Referansenr.: 5082760817
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 16.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Unni Zimmermann

Reinhaldsleiar

950 68 643

Om bedriften

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ecd7c22d-e917-4efe-b3f6-cb08eb92e755

Sist endret

24. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6b24bbe465c64954a6d5bce12825eeec

Lignende annonser

Laster lignende annonser