Vernepleiar
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Om stillinga
Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Vi har no ledig ein stilling som miljøterapeut i 75% knytt til avlastingstilbodet i eininga. Stillinga er delt mellom fagadministrativt arbeid på dagtid, ambulante tjenestar og arbeid i langvakter på inntil 12,5 time og arbeid kvar 4. helg.
Hovudmålet for avlastingstilbodet er å gje eit trygt og godt sted for barnet / ungdommen, og at foreldra skal oppleve reell avlasting under oppholdene. Vi vil også vere ein god lagspiller for den einskilde familie. God omsorg, meiningsfulle aktivitetar og utvikling hos den einskilde vil stå i fokus. Avlasting er ein spanande arbeidskvardag kor du blir kjent med mange barn med ulike behov og utfordringar, ingen dag er lik! Det gjer at vi må vere fleksibel og ha eit høgt fagleg fokus.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid i møte med det enkelte barn/ungdom
- Legemiddelansvar
- Legemiddelhåndtering på tvers av bu- og avlastingstenesta
- Tett samarbeid med avdelingsleiar og fagkoordinator for å sikre fagleg og forsvarleg drift, samt bidra til god informasjonsflyt i avlastningsbustaden
- Rettleiing av kollegaer
- Rettleie familiar og barn i deira kontakt med tenestane
- Medverke til faglig kompetanseheving og utvikling av personalgruppen
- Delta i kartleggingsprosesser knytt til søknad om avlastningstjenester, og besøksheim
- Delta i utforming av vedtak om avlasting
- Delta i planlegging og utarbeiding av døgnfordeling avlasting saman med fagkoordinator/avdelingsleiar
- Samarbeid og kontakt med pårørande, deltaking i samarbeidsmøter / ansvarsgruppemøter, oppfølging av individuelle planer
- Moglegheit for å vere koordinator med ansvar for å lede ansvarsgruppemøter/samarbeidsmøter/ utarbeide individuell plan
- Tverrfaglig samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
- Sikre skriftleg dokumentasjon og journalføring i henhold til kommunens krav
- Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgaver frå leiar
Vi tilbyr
- Ein fagleg utfordrande stilling
- Gode påverknadsmuligheter
- Tverrfagleg samarbeid med andre einingar og instansar
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsvillkår
- Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonskrav
- Vernepleier evt. sjukepleiar med erfaring med brukergruppa
- Erfaring frå avlastningsbustad er en fordel
- Erfaring og kunnskap om tverrfagleg samarbeid og god kjennskap til kommunale helse- og omsorgstenester
- Kjennskap og erfaring frå arbeid med barn og unge med utviklingshemming og autisme
- Kjennskap og erfaring med epilepsi
- Kjennskap og erfaring med forebyggande arbeid og handtering av utfordrande atferd
- Kjennskap og erfaring med Helse og omsorgstenestelova Kap.9 og Pasient og brukerrettighetslova Kap.4 A
- God systemforståelse og kunnskap om dataverktøy ifm. rapportering, avvikshandtering, legemiddelhandtering
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språkferdigheter tilsvarande B2. Gjeld ikkje søkjere med skandinavisk språk som morsmål
Personlege egenskapar
- Engasjement og fagleg fokus
- Du kommuniserar tydeleg, og er god på å lytte og veilede
- Du viser respekt og er raus i møte med barna / ungdommane og har et ønske om å sjå det positive og mulighetene i hver enkelt
- Tålmodighet og ro i arbeidet med barna/ ungdommene og evne til å ta deira perspektiv
- Kunne skape gode relasjoner med pårørande i ein sårbar situasjon, vise forståelse for deira situasjon
- Vere ein trygg, tillitsskapande og tydeleg vaksen
- Kunne takle hektiske arbeidsdagar med uforutsette hendingar
- Høg etisk bevisthet og evne til kritisk refleksjon
- Lojal mot beslutninger som treffes
- Bidra til å gjøre kollegaene dine gode og gi kollegastøtte i krevjande situasjoner
- Du har eit godt humør, er fleksibel og løsningsorientert
- Du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig mot gitte mål og tidsfristar
- Du må ha ei løysningsorientert tilnærming til utfordringane i arbeidet Personleg egnethet vil bli tillagt stor vekt
Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted