Sjukepleiar
Akutt24 SNR Hjelset - Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 2, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere med å forme framtida si akuttjeneste - døgnet rundt? Ønsker du å bruke helie bredda av kompetansen din?
Akutt24 et eit nytt, innovativt tilbud der fagleghet, pasienttryggheit og tverrfagleg samarbeid står i sentrum. Nå søker vi engasjerte sjukepleiarar som vil vere med fra start.
Akutt 24 er ein nyetablert korttidspost på SNR, som startet opp 23. april.
Akutt 24 eit et nytt konsept i Helse Møre og Romsdal. Målsettinga med akutt24 er å etablere gode og effektive pasientforløp der pasientane raskt diagnostiserast, behandlast og utskrivast uten innleggelseing i ordinær sengepost. Seksjonen vil vere eit hurtigsjukehus i sjukehuset.
Seksjonen tilhøyrer medisinsk fagsøyle, men har både medisinske og kirurgiske pasientar. Vi har pasientar innanfor fagområda kardiologi, generell indremedisin, nevrologi, kirurgi, ortopedi og gynekologi. Vi har i hovedsak øyeblikkelig hjelp behandling, men har også definerte elektive forløp. Dette gjeld blant anna elektrokonverteringar og biopsier. Vi har totalt 19 pasientsenger.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutt sjuke pasientar og elektive pasientforløp
- Sjukepleieadministrative oppgåver
- Legevisitt
- Legemiddelhåndtering
- Samarbeid med samhandlande avdelingar og primærhelsetjenesta
- Rettleiing av studentar og kollegaer
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Behersker norsk muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst, og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
- Du er endringsvillig, positiv og engasjert
- Du bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Du er motivert til å utføre varierte arbeidsoppgåver
- Du bidreg til fagleg utvikling og kontinuerleg forbedringsarbeid
Vi tilbyr
- Fokus på fagutvikling og kompetanseheving
- Faste fagdager i turnus
- Godt og positivt arbeidsmiljø
- Dyktige og engasjerte medarbeidere
- Spennande og varierte oppgåver
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Beate Eilen Svanemsli Lyngvær, Seksjonsleiar, +47 97613848Arbeidssted
Opdølvegen 26450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4965384808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2025
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted