Hopp til innhold

Ferievikarar i heimetenesta sommaren 2026 

Arbeidsgiver

Avdeling for heimebaserte tenester, Nissedal kommune

Sted

Sollivegen 2, 3855 Treungen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikar 2026 Heimetenester
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Heimebaserte tenester treng ferievikarar i perioden 22.06.26 - 09.08.26. 

Gode bonusordninger om du bind deg for fleire veker.

Vi søkjer deg som har godt humør, likar å jobbe med menneske, og som kan vere ein god og lojal medarbeidar. Du vil bidra til eit positivt fag- og arbeidsmiljø, og vi set pris på godt humør og ståpåvilje.

Som vikar i heimetenesta vil du utføre varierte pleie- og omsorgsoppgåver i private heimar. Du vil møte mange nye menneske og få verdifull arbeidserfaring som du kan ta med deg vidare i arbeidslivet. Om du ikkje bur i Nissedal, vil du også få oppleve ei bygd med eit mangfald av flotte turmål og fjelltoppar.

Heimetenesta i Nissedal består av heimesjukepleie, heimehjelp og korttid/rehabiliteringsavdeling. Tenesteområdet gir rom for fagleg utvikling og utfordringar i arbeidskvardagen. Vårt overordna mål er å levere tenester av høg kvalitet, slik at dei som mottar tenestene våre har det best mogleg. Vi har stort fokus på fag og den enkelte brukar sine behov og medverknad.

Søknaden må innehalde: 

  • Når du kan byrje i stillinga
  • Kor lenge du kan jobbe
  • Om du ynskjer å jobbe langvakter
  • Om du ynskjer fridagar eller det er helger du ikkje kan jobbe i den perioden du bind deg for, må dette kome fram i søknaden. 

Arbeidsoppgåver

Eksempel på arbeidsoppgåver:
  • Pleie- og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim eller på korttids- og rehabiliteringsavdelinga
  • Utdeling av legemiddel
  • Stell og pleie
  • Klargjering av måltid
  • Dokumentasjon
  • Samarbeid med brukar og pårørande

Det kan også i nokre høve vere behov for oppdrag innan heimehjelp med reinhaldsoppgåver som: praktisk bistand som å støvsuge, reingjere golv og bad, skifte på seng, vask av kle, innkjøp av matvarer og utlevering av middag

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjenning som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Sjuke-/vernepleiestudentar vert oppmoda til å søkje
  • Elevar med helsefagleg bakgrunn
  • Assistentar
  • Sertifikat klasse B. Du bør også kunne køyre bil med manuelt gir.
  • Omstillingsevne
  • IKT- kunnskapar til dokumentasjon
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg (ønskeleg med bestått norsktest B1-nivå)

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen.
Vi oppmodar særleg studentar innan helse, sosialfaglege og pedagogiske studie til å søkje.
Erfaring frå heimetenester og/eller korttid- og rehabilitering er ein fordel, men opplæring vert gjeve viss du ikkje har erfaring.

Personlege eigenskapar

  • Du ynskjer å bida til å gi eit godt tilbod til brukarane våre
  • Eit ønske om å jobbe med menneske
  • Du må ha gode samarbeidsevner og vise engasjement
  • Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag og vera fleksibel då arbeidet stadig er i endring
  • Du må ha gode relasjonelle ferdigheiter og vera ansvarsbevisst
  • Evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet
  • Det er ein fordel om du har erfaring frå tilsvarande arbeid, men dette er ikkje ei føresetnad
  • At du er lojal, har ståpåvilje, løysingsorientert og er motivert til å lære
 Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Meiningsfull sommarjobb som vil gje deg nyttig og verdifull arbeidserfaring med rom for faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
  • Løn etter gjeldande avtalar, med eigen avlønning for studentar med relevant høgskuleutdanning.
  • Bonusordningar. Om du bind deg for 5 eller fleire veker der arbeidsgivar har styringsrett vil det bli utbetalt bonus for 5 ( 7500 ,-) ,6 ( 10.000) og7 ( 15.000) veker
  • Varierte arbeidsoppgaver
Anna

Alle nye vikarar må ta ulike e-læringskurs innanfor omsorg før stillinga startar.
Naudsynt opplæring vil bli gitt og du vil få ein eigen kontaktperson som følger deg opp.

Kontaktinformasjon

Solveig Nilsen, Avdelingsleiar for heimetenesta

Arbeidsstad

Sollivegen 2
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5072478110
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2026

Om bedriften

Nissedal – der gode liv levast

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.

 

Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.

 

Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

 

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

 

Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ec28746f-4a9c-4601-aa67-244afb8dd11a

Sist endret

14. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3d34ef61cbd74a20a85cfe5b832784c6

Lignende annonser

Laster lignende annonser