Pedagogisk leiar, vikariat ved Vigra barnehage
Giske kommune, Vigra barnehage
Bakarvegen 8, 6040 Vigra, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar, vikariat ved Vigra barnehage frå 01.08.2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. juni
Vigra barnehage søker pedagogisk leiar til eit vikariat. Dette er ei 100% stilling frå 01.08.2025 - 31.12.2025, med moglegheit for forlenging.
Vigra barnehage ligg flott til på Roald med natur på alle kantar. Vi har 3 avdelingar i barnehagen, ei småbarns avdeling og to storbarnsavdelingar. I Vigra barnehage er vi opptatt av at alle, både barn og tilsette, skal gå heim med ei kjensle av at i dag var det bra eg kom. Barnehagen sin visjon er «Det er stort å vere liten i Vigra barnehage». Det betyr at vi har fokus på livsmeistring, inkludering, og å bygge gode relasjonar. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
Sjekk oss ut på Facebook: https://www.facebook.com/vigra.barnehage
Menn blir oppmoda om å søkje.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å planlegge og gjennomføre det pedagogisk opplegget på avdelinga i tråd med rammeplan, kommunale og interne planar
- Ansvar for å planlegge og gjennomføre avdelingsmøter
- Ansvar for å følgje opp kompetanseheving/ulike prosjekt på avdelinga og i barnehagen
- Ansvar for å leie og rettleie personalet på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærarutdanning
- Det er ønskjeleg med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til å vere ein motiverande og tydeleg leiar
- Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar
- Initiativrik, ansvarsbevisst og fleksibel
- Evne til å jobbe sjølvstendig med gode evner til samarbeid og leiing
- Løysings- og utviklingsorientert
- Evne til å jobbe tverrfagleg
Vi tilbyr
- Utfordrande, variert og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø
- Fokus på tverrfagleg samarbeid
- Giske kommune har fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde
- Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Sonja Roaldsand Skodje, einingsleiar, +47 41702315Arbeidsstad
Bakarvegen 86040 Vigra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4981586265
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 19.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Sonja Roaldsand Skodje
einingsleiar
+47 41702315
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted