Helsesjukepleiar
Høyanger kommune Helsestasjon
Storgata , 6993 Høyanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Høyanger Helsestasjon har 3 fast tilsette, jordmor og to helsesjukepleiarar og lege ved Helsestasjon lege ein dag i veka. Vi har hovudkontor ved Høyanger med to utekontor - i Lavik og Søreide. Det er omlag 25 fødsler i året, barnekulla er fint fordelt utover i kommunen.
Kommunen har 4 grunnskular og ein vidaregåande skule. I tillegg har vi Helsestasjon for Ungdom 1 g/veke. Helsestasjon er ein allsidig arbeidsplass, med mange spennande arbeidsoppgåver, og vi samarbeider med mange ulike aktørar i kommunen. Vi har eit godt og ungt arbeidsmiljø der vi også har fleire faste sosiale samlingar i løpet av året .
Vi har ledig fast 100% stilling frå snarast.
Arbeidsoppgåver:- oppfølging av barn og familie
- skulehelseteneste
- psykososialt arbeid
- informasjonsarbeid/helseopplysning/ undervisning
Vi ønskjer søkjarar som:
- har utdanning som helsesjukepleiar og som er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
- møter brukar og pårørande på ein open og respektfull måte
- er positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert
- tek ansvar for eigen fagleg utvikling og medverkar til eit godt arbeidsmiljø.
- er målretta og arbeider systematisk, både sjølvstendig og i team
- har gode norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- har førarkort kl B (fortrinsvis manuell gir)
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
- Lønn etter tariff
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Helsesjukepleiarar starter med avlønning på 8 års ansiennitet
Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest før tiltreding.
Du er hjertelig velkommen til oss, og vi håper at akkurat du søkjer på stillinga. Ta gjerne kontakt med einingsleiar Elisabeth Sæbø på tlf 992 19314
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2839664
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3454951_214021_nn