Aktivitetsguidar
Kultur- Klepp kommune
Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp Stasjon, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Aktivitetsguidar
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Engasjement, deltid 0%
Arbeidstid
Kveld
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Klepp kommune har fått støtte frå BUFdir til eit prosjekt med aktivitetsguidar for barn og unge.
Kva gjer ein fritidsguide?
Ein aktivitetsguide si hovudoppgåve er å hjelpa barn, unge og deira familiar med behov for å koma i gang med faste fritidsaktivitetar. Som aktivitetsguide skal du arbeide for å få barn og ungdom som står utanfor med i fritidsaktivitet. Aktivitetsguiden skal fungera som ein formidlar av informasjon, vera ein støttespelar, og gjera det enkelt for barn og unge i målgruppa å delta i faste aktivitetar på fritida. Dei konkrete oppgåvene kan variera ut i frå føresetnader, ressursar og situasjonen for barnet/ ungdommen og familiane deira.
Arbeidsoppgåver
- Å formidla informasjon og råd til barn og unge og familiar om ulike fritidstilbod og motivera for deltaking i fritidsaktivitetar- Skapa god kontakt mellom deltakarar og kontaktpersonar i lag og foreiningar
- Følgje til og frå aktivitetar ut i frå behov hos den enkelte
- Sikra at praktiske og forhold og støtteordningar blir nytta og at barn, unge og familiar har det som trengs for å kunne delta
- Aktivitetsguiden samarbeider med, og blir veileda av, fritidskonsulent/ kulturavdelinga
Arbeidsmengd kan variera etter behov og frå tid til anna
Arbeidstida er i all hovudsak på ettermiddags- og kveldstid og kan dermed kombinerast med skule/utdanning/arbeid.
Fritidsguidane blir engasjerte som oppdragstakarar (timebetaling)
Kvalifikasjonar
Krav til stilling:
Gyldig politiattest må fremleggjast før tiltredelse
Søkjarar må vera fylte 18 år
Det er ønskjeleg med:
- God lokalkunnskap og kjennskap til lokalt organisasjonsliv
- Bakgrunn og erfaringar frå deltaking i organiserte fritidsaktivitetar og frå arbeid med barn og unge
- Kunnskap og erfaring frå arbeid med inkludering
- Må disponerer egen bil, men dette er ikkje eit krav.
Det blir ikkje stilt formelle krav til kvalifikasjonar i form av utdanning eller arbeidserfaring.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- har engasjement, tid og interesse for arbeid for at barn og unge skal kunne bli inkluderte i faste, organiserte fritidsaktivitetar- er utadvendte og trygge, positive og tillitsvekkande og kan kommunisera på ein respektfull måte med folk frå forskjellig bakgrunn og i ulike livssituasjonar
- kan snakka godt norsk, og gjerne og kunne kommunisera på andre aktuelle språk
- er læringsvillige, fleksible og kan samarbeida
Vi tilbyr
Meiningsfylt og viktig arbeid for barn og ungeGod veiledning og oppfølging
Tilsetting på vilkår som oppdragstakar
Kontaktinformasjon
Ulf Ludvigsen, Kultursjef, +47 99444829Arbeidsstad
Bedriftsvegen 44353 KLEPP STASJON
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4992466844
Stillingsprosent: 0%
Engasjement
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Ulf Ludvigsen
Kultursjef
+47 99444829
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ebfa4ea1-9d22-4357-9af7-9be39f5fde8c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d92a57ae1cd54e1b87bd6eac61b5849f