Hopp til innhold

Lærarvikar 2026-27 - inntil 100% stilling

Arbeidsgiver

Åheim skule, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst

Sted

Ospelida 4, 6146 Åheim

Om jobben

Stillingstittel
Lærarvikarar 2026-27 - 100% stilling
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 7. november

Vi har ledig lærarvikariat ved Åheim skule ut skuleåret. Stillinga omfattar i hovudsak undervisning i engelsk i ungdomstrinnet, i tillegg til individuell tilrettelagt opplæring for elevar i faga norsk, engelsk og matematikk. Har du tysk i fagkretsen, så er det ein fordel. For snarleg tilsetting.

Arbeidsoppgåver

Vi ønskjer lærarar med god kompetanse i klasseleiing og fag, gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit sterkt profesjonsfellesskap.
Åheim skule har behov for lærar med godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Vikariatet er 100% stilling, men det vil også kunne vere mogleg å arbeide i redusert stilling.

Kvalifikasjonar

- allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10 eller praktisk -pedagogisk utdanning (PPU)
- ønskjeleg med minimum 30 eller 60 studiepoeng i basisfag
- anna relevant utdanning kan bli vurdert
- ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
- god pedagogisk digital kompetanse

- god kompetanse i norsk, både munnleg og skriftleg 

- personlege eigenskapar vil blir vektlagde ved intervju og referanse

Personlege eigenskapar

- er utviklings- og løysingsorientert
- er ein tydeleg, robust og trygg klasseleiar
- tenkjer heilskapleg om elevane sitt oppvekst- og læringsmiljø
- er omgjengeleg, initiativrik og fleksibel.
- planlegg og gjennomfører undervisning med god kvalitet
- har god vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
- deltek aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- fremjar eit godt samarbeid mellom skule og heim

 

Tilsetjing  skjer med atterhald om godkjent politiattest

Vi tilbyr

Løn og tilsetjing på kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Vanylven kommune tilbyr gode rekrutteringstillegg (jfr. lønspolitisk plan) og gode pensjonsordningar.

 

Søknad skal sendast via kommunen sitt elektroniske søknadssystem. CV skal registrerast i søknaden. Vi ber om at du gir opp referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Lena Marie Landsverk, Rektor Myklebust skule, 45227168, lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Ospelida 4
6146 Åheim

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 5189273745
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 07.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Lena Marie Landsverk

Rektor Myklebust skule

45227168

lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no

Om bedriften

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

Velkomen til å søkje hjå oss! 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ebe85bd0-1fee-44dd-9d87-3d032062ffb9

Sist endret

22. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8ba2770326f84ca788b838fa77272a6d

Lignende annonser

Laster lignende annonser