Hopp til innhold

1.dekksoffiser - Arsvågen-Mortavika

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

E39, 5561 Bokn, E39, 4150 Rennesøy

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
1.dekksoffiser - Arsvågen-Mortavika p.t. MF Stavangerfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du jobbe på eit av Norges største samband?

Fjord1 søker no ein 1.dekksoffiser til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Stavangerfjord. 

I denne stillinga vil du få bred erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrende værforhold, stor trafikk og høyt tempo. Denne kombinasjonen gjer at man utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press. Du vil jobbe tett saman med dyktige kollegaer og få innsikt i heile drifta – noko som er svært nyttig i videre arbeid til sjøs.

I denne stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodan bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperiode vert dekka av rederiet.

Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling på si vakt
  • Ansvarleg for retting av kart og fyrlister
  • Tryggleiksoffiser
  • Navigere sjølvstendig på si vakt
  • Ettersyn av navigasjonsutstyr
  • At navigasjonshjelpemiddel er i samsvar med gjeldande reglar
  • At førstehjelpsutstyr er i samsvar med gjeldande reglar
  • At brann- og redningsutstyr er i orden og vert vedlikehaldt i samsvar med Amos
  • Opplæring av personell
  • At lasting og lossing vert utført forsvarleg, delta om naudsynt
  • Andre oppgåver iht. stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • Minimum D4-sertifikat
  • VHF/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandteringskurs
  • Ferdighetssertifikat vidaregåande IGF
  • Gyldig helseattest
  • Skandinaviske språkkunnskapar muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

Vi søker ein engasjert og ansvarsbevisst 1.dekksoffiser med gode leiareigenskapar og solid navigasjonskompetanse. Du trivast med å ta ansvar for sikkerheit og operasjonar om bord, samarbeider godt i team, og er opptatt av kvalitet og service. Om desse eigenskapane beskriver deg som person, tar vi gledeleg imot din søknad!

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Sjøvakt, 2 veker på og 2 veker av. Ein bur om bord i arbeidsperioden
  • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
  • Treningsrom om bord i fartøyet
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar
  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø

 

Vi ser fram til å høyre frå deg! Fjord1 har og fleire ledige stillingar – både på sambandet og i andre delar av bedriften. Sjå gjerne oversikta på www.fjord1.no.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted

E39
5561 Føresvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5067263306
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.02.2026

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ebd533f2-5497-40d1-9ad0-4b5093589abd

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6b4beab9de1348a4b900f8f9a76ef739

Lignende annonser