Barnehagelærar - vikariat
Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat barnehagelærar i Stryn kommune
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stryn kommune har i alt 7 barnehagar fordelt i kommunen vår. Av desse er 3 i kombinasjon med skule og SFO og 4 sjølvstendige barnehagar.
Vi søker etter barnehagelærar til vikariat ved barnehagar I Stryn for barnehageåret 2025/26 med oppstart 1. august 2025 eller seinare i barnehageåret. Det kan vere aktuelt med tilsetting i både større og mindre vikariat.
Vi ser etter deg som har lyst til å delta i utviklinga av barnehagane i kommunen vår. Er du ein person med engasjement, god relasjonskompetanse, er omsorgsfull og likar å jobbe med born saman med gode kollegaer, oppfordrar vi deg til å søke.
Arbeidsoppgåver
Arbeid og ansvar for utviklingsarbeid i barnehagen
Bidra til eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
Legge til rette og delta i leik og læring
Delta aktivt i samarbeid med kollegaer og føresette
Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar, har du anna relevant utdanning og kan tenke deg å jobbe i barnehage oppfordrar vi deg til å søke
God norskkunnskap både munnleg og skriftleg
Relevant praksis vert vektlagt
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner samt evne til sjølvstendig arbeid
Trygg omsorgsperson og god rollemodell
Personlege føresetnader vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Variert og spennande arbeid i eit positivt miljø
Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtaler og reglement
Løn etter tariff
Gode pensjonsvilkår i KLP
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato
Kontaktinformasjon
Anne-Siv Jevnehagen, HR-konsulent, 57874734Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4976676719
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 11.06.2025
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ebab4b4d-3888-45d8-be64-8954dccccbc3
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5953d6a257c349dbadf9af73ee5b1b40