Rekneskapsrådgjevar - 100 % fast
Plan, økonomi og berekraft, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Om jobben
Stillingstittel
Rekneskapsrådgjevar - 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 19. mai
Ynskjer du å arbeide saman med trivelege og kompetente kollegaer på økonomiavdelinga i Vinje kommune?
Avdelinga består av fagområda rekneskap, budsjett og løn, og me er til saman 8 tilsette med godt humør og stor stå-på-vilje. Me er endringsvillige og støttar kvarandre i å finne dei beste løysingane for oppgåver me står ovanfor.
Me nyttar eit skybasert økonomisystem, som opnar for meir digitalisering og vidare utvikling. Framover vil me ha fokus på å utnytte dette systemet enno betre, og me ser etter ein person som ynskjer å bidra i denne utviklinga saman med oss.
Rekneskapsrådgjevaren har det overordna ansvaret for rekneskapen, ulike rapporteringar og momsoppgåver. Dei tilsette på avdelinga bidreg i arbeidet og samarbeider godt, slik at avdelinga kan levere innanfor fastsette fristar. Stillinga som rekneskapsrådgjevar inneber stor grad av sjølvstendig arbeid, men også ei koordinerande rolle mellom dei tilsette på avdelinga i høve til ulike oppgåver dei bidreg med inn i rekneskapsarbeidet.
Avdelinga er ein støttefunksjon for heile organisasjonen, og rekneskapsrådgjevaren vil difor i stor grad også ha dialog med leiarar på ulike nivå. Dette gjer stillinga særleg spennande, då du får ei forståing for aktiviteten og tenesteytinga i heile organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med rekneskap gjennom året og ansvar for å legge fram årsrekneskap (rekneskap for kommunen, kyrkjeleg fellesråd og kommunalt oppgåvefellesskap).
- Ansvar for rekneskapsrapporteringar og innlevering av momsoppgåver.
- Fagansvar for rekneskap.
- Systemansvar for kommunens økonomisystem og opplæring internt i organisasjonen.
- Utarbeide og vidareutvikle rutinar for arbeidsprosessar innan fagområdet.
- Pådrivar for å utnytte økonomisystemet betre og drive digitaliseringsarbeidet vidare.
- Kontaktpunkt og støtte for rekneskapsspørsmål i kommuneorganisasjonen.
- Kontaktpunkt mot kommunerevisjonen.
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå innan økonomifaget, gjerne rekneskap.
- Erfaring frå liknande arbeid kan erstatte kravet om formell utdanning.
- Erfaring innan arbeid med kommunerekneskap er ein stor fordel.
- Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Skriftspråket vårt er nynorsk.
Personlege eigenskapar
- Du arbeider strukturert og nøyaktig.
- Du har god økonomiforståing.
- Du er løysingsorientert.
- Du tek ansvar.
- Du samarbeider godt, og skapar positivt engasjement hjå kollegaer.
- Du taklar eit tidvis høgt tempo.
- Du har gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr
- Ei spennande stilling i ei avdeling med høgt fokus på trivsel.
- Gode pensjonsordningar.
- Moglegheit for fleksibel arbeidstid.
- Moglegheit for å forme eiga stilling.
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Eit kompetent og engasjert fagmiljø.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og høve til å vinne flotte premiar.
- Hjelp med å finne bustad.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Ingrid Sudbø Tveito, Kommunalsjef økonomi, 41477230, ingrid.sudbo.tveito@vinje.kommune.noArbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4963011112
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2932899
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f6f34134953c4fa9a6cf2a874937d2bb