Psykologspesialist/ psykolog
Spesialisert habilitering SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist/ psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Vil du vere med på laget vårt? Vi søkjer no etter psykologspesialist/ psykolog i spesialisert habilitering.
Seksjonen vår er lokalisert i eit flott, nytt sjukehusbygg på Hjelset, ca 2 mil frå Molde sentrum og ca 5 mil fra Kristiansund sentrum. Det er gode bussforbindelser for den som vil reise kollektivt. Seksjonen gir eit poliklinisk og ambulant tilbud til innbyggerane i Nordmøre og Romsdal.
Vår målgruppe er vaksne med nedsett funksjonsevne, som følgje av medfødde eller tidleg erverva tilstandar, skader i nervesystem eller bevegelsesapparat. Døme på tilstandar er tidleg erverva hjerneskade, syndrom som medfører kognitive vanskar, utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, tidleg erverva nevrologiske skade eller sjukdom og nevromuskulær sjukdom. I arbeidet legg vi vekt på å ha ei heilskapleg tilnærming, kor både individet og konteksten vert vurdert.
Vi har til saman 20,5 stillingar og er tverrfagleg bemanna, der alle tilsette har vidareutdanning/ spesialisering innan ulike område relevant for fagfeltet habilitering. Vi har pr i dag ansatt to psykologar og du vil bli den tredje. Vi er organisert i avdeling for sjukehuspsykiatri, og er samlokalisert saman med akuttpsykiatri, sikkerhetspsykiatri, alderspsykiatri og seksjon for utgreiing og behandling. Seksjonane har eit godt fagleg samarbeid og det er lett å ta kontakt på tvers av fagområder, både mot psykisk helse og somatiske avdelingar.
Arbeidsoppgåver
- Spesialisert utgreiing, diagnostisering og behandling
- Utadretta verksemd med rettleiing og rådgjeving til samarbeidspartnarar
- Pasient- og pårørandeopplæring
- Tverrfagleg samarbeid og deltaking i team, kompetansegrupper og andre aktuelle forum
- Deltaking i fagleg utviklings- og kvalitetsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Psykologspesialist innan klinisk psykologi, nevropsykologi eller habilitering
- Psykologar i spesialiseringsløp kan også søkje
- Erfaring med målgruppa
- Kompetanse og erfaring frå ulike metoder innan rettleiing
- Erfaring frå undervisning- og opplæringsverkemd
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Må ha førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
- Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit spennande fagområde som er i utvikling
- Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Tilrettelegging for kompetanseutvikling
- Fleksitidordning og sjølvstende i planlegging av eigne arbeidsdager
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen herKontaktinformasjon
Hilde Husby, Seksjonsleiar, +47 415 54 505, Hilde.Husby@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4997627330
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eba99f7f-f070-49bd-bb4d-1b7bfa2e41ca
- Hentet fra
talentech
- Referanse
532e8ca11fcc44d9b23e5684b2da77c6